Strøtankar: Tarjei Vågstøl

Vurderinga

with 5 comments

Eg har lenge heva meg på den høge hesten min og tenkt at eg ikkje skulle byrja med twitter. Så slo det meg at dei fleste vitsane mine trass alt ikkje treng meir enn 140 teikn.

Så eg er på gli, altså. Eg vurderer ny teknologi.

tarjei , 2009-09-15 11:52

Spalta Ålment ()

  • Simon

    Kom gjerne til kvitre.no eller identi.ca i staden for Twitter. Les kvifor hjå Børge.

  • Anonym

    Gode argument, sjølvsagt. Dette skal eg vurdera dersom eg finn ut at eg bør byrja med slikt. Det ser ut til at det må vera ein lengre vurderingsprosess enn det eg trudde.

  • http://www.vagstol.net Tarjei

    Dessutan er visst Twitter for eliten.

  • http://velmont.no/ Odin (Velmont)

    Eg vil òg helsa deg velkomen til kvitre.

    Hugs, ein gong var det få og berre tekniske folk på Twitter òg (den gongen eg brukte det). Og er vandskeleg å få gode, godt designa alternativ dersom alle berre gjeng til det gamle. :-)

    Men kvitre utelukker ikkje Twitter, du kann bruka ein klient som stør båe tvo. T.d. Thwirl. Då vert eg glad, likar alltid fleire nordmenn på OMB-netet.

  • tarjei

    OK, no har eg oppretta konto på både Twitter og kvitre. Ser ut som om eg må gjera dobbeltposting via klient førebels?