Sundslite
Utan at eg meiner så veldig mykje om opptøya England: Måten styremaktene reagerer på meir enn ymtar om at det er snakk om eit land der stat og samfunn er på veg mot fullstendig oppløysing.
Eg vedgår at eg er avstandsforelska i mange sider ved britisk kultur. Eg beundrar korleis britane vernar om eigne, tilsynelatande meiningslause (og difor meiningsfulle) særeigenheiter som om øya var den siste siviliserte pletten på jorda, og kjærleiken til språket som kjem til uttrykk i Chambers dictionary og i «cryptic crosswords».
Kanskje difor vert eg så lei meg når eg ser kor bråsint, urimeleg og aggressivt dei britiske styremaktene reagerer, som eit styresett som går til krig mot sitt eige folk. Jau då, eg visste vel at det britiske systemet var noko av det mest liberalistiske i Europa, med eit mislukka sosialdemokrati på toppen. Jau då, Mike Leigh og alt sånn. Det er berre sånt som eg ikkje har hatt lyst til å tenkja på.

