Husfar-bloggen
Eg har ikkje lese husmor-essayet Marta Breen har skrive i Prosa (det som har skapt litt, om enn haltande, debatt). Før eg gjer det, litt husfar-blogging.
I går kvesste eg alle fargeblyantane eg kunne finne. I eit syltetyglas vart det veldig fint (finare enn den sundslitne mobil-optikken min kan gje att):
Kvifor er dette fint? Jamsides med å ha former og fargar som er tiltalande, på eit ureflektert nivå, er det fyrst og eit fortetta uttrykk for «familelukke». Fargeblyanten er glade ungar(+) som sit stille(+) rundt eit bord og utfaldar barnleg kreativitet(+). Eit slikt glas er potensialet for den typen lukke, gjort til ein leikam.
Dette skjer berre på interiørbilete, sjølvsagt.
Ved å plassere blyantene i fargesterke trebokser av ulik størrelse får de en dekorativ funksjon – også når de ikke er i bruk. Og når de står slik på utstilling, blir det mye lettere å finne fram papir og faktisk bruke dem.
Slik er det: Om ungane bestemmer seg for å teikna litt, tek det i beste fall fem minuttar. Blyantspissane kjem til å knekka med ein gong. Tek det lengre tid, kan du banna på at ungane har funne kulepenn og laga kunst på den kvitmåla panelveggen i stova i staden. Alt ligg ut over golvet etterpå (ikkje noko gale i noko av dette, og det er trivielt sant).
Apropos: Når ein skriv om cupcakes, kvifor er det ingen som nemner at sjokoladesmørkrem er kjempegøy for fireåringar fordi det er så lett å få det til å likna på bæsj?
Eg skal lesa den husmorblogg-teksten, altså, og husfar kjem attende til meir om temaet (eg kjenner meg kompetent, sidan eg både kvesser fargeblyantar og bakar cupcakes).


