Omkøyring, ny veg
Eg er så gamal.
Eg har følgt dømet frå Magnus og byrja å blogga att. For å få eit reint «brot» med den gamle bloggen har eg oppretta ein ny, Attersyn.
Dette er ei øving i sjangrar og retoriske situasjonar. Her (på Strøtankar) har eg, med fana høgt, annonsert at eg ikkje ville ha eit tema fordi det endrar seg så fort. Det synte seg at det samtidig tok bort grunnen til å seia noko som helst. På Facebook og Twitter er det ikkje naudsynt å laga tema, fordi (1) nettverket ein er i, og (2) den stadige straumen av småsnakk skapar utgangspunkt for å seia noko. Dette står det nok meir om i ei doktorgradsavhandling som kjem om ikkje lenge.
På Attersyn har eg lagt eit slags perspektiv på det eg skriv. Så langt (ei veke) ser det ikkje ut som om det set store grenser for skrivegleda. Heller det motsette. Mange av innlegga på denne bloggen kunne stått der ògså, sjølv om dei kanskje hadde fått ei anna form.
Teknisk (for nerdar)
Eg har laga den nye bloggen så enkel som mogleg. Han er på Tumblr, ei plattform for midiblogging (litt større ting enn Twitter) som ser ut til å eigna seg veldig godt for lengre tekstar òg. Kommentarar er ordna med Disqus.
Med andre ord: Eg har gjort alt annleis enn eg gjorde Strøtankar. Det er ikkje sikkert eg vert verande på Tumblr for alltid, men det kjenst friskt og godt å fri seg frå det tekniske og inspirasjonen til å knota. Temaet Linear er dessutan veldig fint i gråsvart, meiner no eg.
Framtida for denne sida
Eg kjem til å halda på domenet vagstol.net. Eg har e-postadressa mi her.
Kva som kjem til å henda med denne bloggen, veit eg ikkje. Skriveria mine kjem du i stor grad til å finna på Attersyn framover. Eg er prinsipielt mot å ta tekst av Internet berre fordi han verkar uinteressant, og nokre av postane har rike debatt-trådar som eg ikkje tykkjer eg kan råd over som eg vil. På hi sida er det truleg misvisande at dette er fyrsteinntrykket når ein søkjer på «Tarjei Vågstøl».

