Archive for the ‘Ålment’ Category
Omkøyring, ny veg
Eg er så gamal.
Eg har følgt dømet frå Magnus og byrja å blogga att. For å få eit reint «brot» med den gamle bloggen har eg oppretta ein ny, Attersyn.
Dette er ei øving i sjangrar og retoriske situasjonar. Her (på Strøtankar) har eg, med fana høgt, annonsert at eg ikkje ville ha eit tema fordi det endrar seg så fort. Det synte seg at det samtidig tok bort grunnen til å seia noko som helst. På Facebook og Twitter er det ikkje naudsynt å laga tema, fordi (1) nettverket ein er i, og (2) den stadige straumen av småsnakk skapar utgangspunkt for å seia noko. Dette står det nok meir om i ei doktorgradsavhandling som kjem om ikkje lenge.
På Attersyn har eg lagt eit slags perspektiv på det eg skriv. Så langt (ei veke) ser det ikkje ut som om det set store grenser for skrivegleda. Heller det motsette. Mange av innlegga på denne bloggen kunne stått der ògså, sjølv om dei kanskje hadde fått ei anna form.
Teknisk (for nerdar)
Eg har laga den nye bloggen så enkel som mogleg. Han er på Tumblr, ei plattform for midiblogging (litt større ting enn Twitter) som ser ut til å eigna seg veldig godt for lengre tekstar òg. Kommentarar er ordna med Disqus.
Med andre ord: Eg har gjort alt annleis enn eg gjorde Strøtankar. Det er ikkje sikkert eg vert verande på Tumblr for alltid, men det kjenst friskt og godt å fri seg frå det tekniske og inspirasjonen til å knota. Temaet Linear er dessutan veldig fint i gråsvart, meiner no eg.
Framtida for denne sida
Eg kjem til å halda på domenet vagstol.net. Eg har e-postadressa mi her.
Kva som kjem til å henda med denne bloggen, veit eg ikkje. Skriveria mine kjem du i stor grad til å finna på Attersyn framover. Eg er prinsipielt mot å ta tekst av Internet berre fordi han verkar uinteressant, og nokre av postane har rike debatt-trådar som eg ikkje tykkjer eg kan råd over som eg vil. På hi sida er det truleg misvisande at dette er fyrsteinntrykket når ein søkjer på «Tarjei Vågstøl».
Blackout
Denne sida er stengt i dag. Lukk henne, er du snill. Det er for å protestera mot SOPA.
(Sorry, dette er slapt, men eg orkar ikkje gjera noko anna).
Vurderinga
Eg har lenge heva meg på den høge hesten min og tenkt at eg ikkje skulle byrja med twitter. Så slo det meg at dei fleste vitsane mine trass alt ikkje treng meir enn 140 teikn.
Så eg er på gli, altså. Eg vurderer ny teknologi.
Bad Science om «datamining» etter terroristar
Ben Goldacre på Bad Science (og i The Guardian) forklarar kvifor det er fånyttes å bruka «screening» for å avsløra terroristar: Uansett kor god test du lagar, så får du for mange falske positive.
Cory Doctorow skriv skjønnlitteratur om dette poenget, mellom anna i novella «Scroogled» og ungdomsromanen Little Brother.
Oppdatert
Eg er veldig pliktoppfyllande, og har oppdatert WordPress til siste utgåva. Dei sa eg skulle gjera det. Denne gongen var det litt meir vanskeleg enn det plar vera, men eg trur det var fordi eg var lat og slumsen.
Elles oppsøkjer eg framleis ikkje det fine kultur- og debattmøte-tilbodet som eksisterer i hovudstaden, til trass for at eg, etter å ha vorte medlem på Underskog, burde vera meir enn nok informert om det. Ikkje oppsøkjer eg kafélivet eller shoppingtilbodet, heller. Når eg tenkjer etter, har eg heller ikkje nytta meg av det fine friluftstilbodet Lillomarka, rett utanfor stoveglaset, representerer. Iallfall ikkje sidan denne snøen kom.
Lenkja i dag er vel filesharer.org.
Medlem av kultureliten
I dag, om lag tre år etter alle andre, er eg endeleg medlem av Underskog. Herregud, kor eg har gremma meg over å vera ekskludert frå heile det urbane kultur-elitemiljøet. No kan eg stå med rak rygg att.
Dessutan får Obama framleis ha mobil. Eg hadde uroa meg litt over dette., og er no letta. Sjølv om eg trur at journalisten i Aftenposten har gløymt at både sendar og mottakar må syta for at kommunikasjonen er sikker.
Men det hadde vore ein god idé å kryptera innhaldet i telefonminnet, slik ein del operativsystem kan kryptera swap-partisjonen. Finst det normale telefonar som gjer det?
Kven er det som sender inn slike kommentarar?
Vel, dersom de lurer på kven i all verda som sender inn spørsmål til FAQ-sida til ein TV-serie, så er det altså meg.
Oppdatering
I fall nokon såg at bloggen min var «hacka» (altså, at tittelen var endra av nokon andre enn meg): No har eg endeleg teke meg på tak og oppdatert frå WordPress 2.3.3 til 2.6.2. Den nye utgåva av WordPress ser ålreit ut, sjølv om brukargrensesnittet er veldig «2006″ (masse AJAX og avrunda kantar). Det er uansett ikkje særleg viktig.
Sidan eg er så slapp med oppdatering av denne bloggen, vil eg dessutan seia:
Dei siste dagane har Dagbladet køyrt ei sak [1, 2] om at Cappelen har valt å nytta fvt/evt (i staden for f.Kr/e.Kr) i ei ny RLE-bok (RLE er det reformerte KRL-faget, som var det reformerte kristendomsfaget. Kanskje det liknar på det eminente faget «Livssyn», eg veit ikkje). Saka kom først i DagenMagazinet, så eg lenkjer dit òg.
Ei rekkje politikarar stilte opp og fordømte. Piff.
Til denne saka vil eg melda:
- Eg har skrive fvt/evt i minst tjue år. Men så er eg òg vaksen opp ein aktivt sekulær heim. I tale trur eg at eg seier «før/etter null».
- Helst ville eg gått inn for ei tidsrekning utan eit vilkårleg nullpunkt, men eg kan ikkje førestella meg korleis det skal gjerast.
- Altså, nullpunktet kjem til å vera der ei god stund frametter. Det er verdsfemnande, på same måten som amerikansk engelsk er det: Sjølv dei som har eit anna null-år, veit utmerka godt kva for år det er i «vår» tidsrekning.
- Sidan vi no har dette nullpunktet, tykkjer eg vi bør sekularisera det. Men eg ønskjer jo eit samfunn der religion er flytta heilt til privatsfæren og historietimane, og meiner det er ein uting at folk praktiserer religiøse ritual «utan å meina så mykje med det».
- Hurra for Cappelen!
Evt/fvt har sjølvsagt ingenting med toleranse å gjera, det er medviten sekularisering.
Sjøagurken

… eller sjøpølsa, som me seier på norsk, er eit av dei fem yndlingsdyra mine.
Nei, det er ikkje noko vakkert dyr, men eg er djupt fascinert av forsvarsstrategien. Dette dyret lever jo på botnen av havet og et sand. Når det vert angripe, har det rett og slett ein strategi med å by fram ein liten bit av seg sjølv, for så å regenerera den delen seinare.
Sea cucumbers (Holothuroidea) eject parts of the gut in order to scare predators. The gut can then be regenerated in a few days by cells in the interior of the sea cucumber [*]
Science fiction-byen
Mormor var frå Oslo (eller, rettare, Østre Aker), men så lenge eg kan hugsa sa ho at «eg kjenner meg ikkje att i Oslo lenger» (ho flytte vel derifrå i 1950 eller -51, om eg ikkje reknar heilt feil). No har eg budd i Oslo i ni år, og det same held på å skje rundt meg.
Det siste nye er at dei har bestemt seg for å byggja om Oslo S og Postens brevsentral til nokre science fiction-monolittar. Store delar av Grønland er allereie tettbygd med «moderne» husvære (ca. åtte etasjar), og det er snakk om å gjera det same med resten. I tillegg kjem Operaen, og nybygga til Munch-museet og Deichmanske. Og det er berre i denne delen av sentrum (Oslo S/Grønland/Bjørvika).
Eg veit ikkje heilt kva eg meiner om alt dette. Eg liker nye og store bygg, men her nede i «nye sentrum» tykkjer eg at det vert litt trangt, planlaust, menneskefiendsleg og mange glas- og stålmonolittar. Dei nye bustadhusa ser ikkje så koselege ut, heller. Eg saknar ein stor park, eg. Ein skikkeleg park, ikkje berre ein grasplen og nokre tre. Slike parkar trengst, men me treng noko som tilsvarar Frognerparken – ein litt stilig, designa park.
Dessutan saknar eg ei nettside der eg kan få oversyn over alle dei nye utbyggingsprosjekta som er på gang og sjå dei i samanheng.

