Strøtankar: Tarjei Vågstøl

Archive for the ‘Ålment’ Category

Det er snart slutt – eller noko

with 3 comments

Fyrst fekk Facebook alle til å slutta å blogga, og så fann alle ut at Facebook var for mykje styr og stress. Det burde vera eit godt argument for å friska opp att denne bloggen, men eg veit ikkje om eg orkar. Kanskje eg rett og slett skal leggja han på is. Det trur eg hadde vore ein god idé.

Written by tarjei

februar 6th, 2008 at 11:40 p.m.

Posted in Ålment

Facebook

with one comment

Då var eg på Facebook — eg òg. Førebels har eg ikkje etablert kontakt med andre enn dei eg snakkar med andlet til andlet, men me får sjå kva for gamle kjenningar som dukkar opp …

Written by tarjei

august 23rd, 2007 at 9:32 a.m.

Posted in Ålment

Cand. philol.

with 6 comments

Endeleg cand. philol.

Så mykje meir eg gjerne skulle lært.

Written by tarjei

juni 14th, 2007 at 10:21 a.m.

Posted in Ålment

Kommentarar

with 3 comments

Mange (to) spør kvifor ein er nøydd til å registrera seg for å kommentera bloggen min.

For det fyrste tykte eg det er litt artig om dei som kommenterer fortel kven dei er. For det andre tenkte eg at det kunne redusera mengda med blogg-spam.

Sidan det ser ut som om mange vegrar seg for å kommentera på grunn av kravet om registrering, har eg no installert Akismet, og gjort det mogleg å kommentera utan å registrera seg. Det var ikkje heilt trivielt å finna ut kvar den innstillinga budde i dag, det kan eg lova deg.

Written by tarjei

juni 11th, 2007 at 8:50 a.m.

Posted in Ålment

Heitebølgje

with 5 comments

No trur eg det skal noko ekstraordinært dersom eg skal unngå å verta cand.philol. Munnleg er rett nok ikkje før neste onsdag. Det er ekstraordinært seint, faktisk dagen etter den myteomspunne kandidatfesten. Men eg må nesten verta overkøyrd dersom det skal gå verkeleg gale no.

Elles er veldig varmt for tida. Det minner meg om to ting.

Fyrst, halvåret i Kairo. No er det nær på tjue varmegradar om natta, og alt for varmt om dagen. Men det er ikkje varmen i seg sjølv som får fram minna. Dei kom fyrst då eg kom på kontoret i dag, og gjekk inn på datarommet, slo varm og innestengd luft mot meg. Nokon hadde skudd av luftkjølevifta. Sikkert for å spara straum i vinter, då det var litt kaldt. Vel, dette maskinrommet er diverre kontoret mitt her for tida. Så eg fann fram fjernkontrollen og fekk på kjøleanlegget. Etter ei stund byrja det å verka (det er behageleg temperatur her no, og eg er litt mindre uroa for at maskinparken skal bryta saman).

Det som minna meg om Kairo, var ikkje varmen, men lukta av kjøleanlegget då det skrudde seg på. Det er merkeleg med slike minne. Lukt og kjensla av lufta framkallar mykje sterkare minne enn ljod og ljos.

Dessutan minner varmen meg om Pesten av Camus. Boka startar med ei perfekt skildring av kor lukka og trong byen Oran (i Algerie) er om sumaren.

Tarjei

Written by tarjei

juni 8th, 2007 at 11:39 a.m.

Posted in Ålment

Nytt

without comments

Eg oppgraderte til siste utgåva av WordPress nyleg, og nytta høvet til å byta ut temaet samstundes. Eg vonar at dei fleste (alle to) les denne bloggen med ein RSS-lesar, men dei som ikkje gjer det, får det sikkert litt trivelegare no.

No må eg sjå å koma meg attende til pensum her.

Written by tarjei

mai 20th, 2007 at 12:09 p.m.

Posted in Ålment

Syklus

with 4 comments

Openbert har eg ein blogg. Det er det mange andre kjenningar som har òg. Kva meir, eg har starta på mange bloggar. Gong etter gong har eg gått lei.

No ser eg at denne bloggen er på veg mot ein haust, den òg. Det er lenge sidan eg har skrive noko, og det er stadig lengre sidan eg har skrive noko som er verd å lesa. Eg fekk eit hugskot om at eg burde leggja bloggen ned, og erstatta han med ei statisk side. Eg skal ikkje gjera det. Det er ein del ting som er artige her, og eg føler eit visst andsvar for dei som har skrive kommentarar (dei beste kommentarane ligg på den gamle bloggen, men det er ein del fint her òg).

Så. Eg let denne bloggen berre liggja her litt, og så får eg sjå kva eg gjer med han etter kvart.

Written by tarjei

mai 7th, 2007 at 2:28 p.m.

Posted in Ålment

Oppdatert og på norsk

without comments

Då har eg frista å gjennomføra ei smertefri oppdatering til WordPress 2.1.3 på desse sidene; gje melding om det er noko som ikkje verkar som det skal.

Dessutan: Takk til Oddmund, som formidla kvar ein kunne finna dei norske språkfilene til WordPress. No har eg admin-grensesnittet på nynorsk, og eg trur det har dukka opp norske månadsnamn for lesarane òg.

Når april er ferdig, skal eg forresten aldri skriva hovudfagsoppgåve meir.

Written by tarjei

april 13th, 2007 at 4:31 p.m.

Posted in Ålment

Mot stjernene

without comments

Ja. Ifølgje SSB er det 796 personar som har «Tarjei» som fyrste fornamn. Dersom ein søkjer på Google etter Tarjei, peikar det tiande (av over 410 000) treffet til meg. No må eg berre gje ut nokre bøker, så slår eg Tarjei Vesaas.

Oppdatering (2007-03-20): Det er godt at eg eigentleg ikkje ser på nettet som ei popularitetstevling. Då eg sjekka i dag, hadde ein viss Thomas Marco Blatt snike seg inn før meg, berre ved å vinna Tarjei Vesaas’ debutantpris. VG-oppslag er tydelegvis vegen å gå, men eg er ikkje sikker på om eg er klar for den vegen enno. Neste treff på meg (etter nr. 11) kjem langt nede på lista.

Written by tarjei

mars 13th, 2007 at 4:26 p.m.

Posted in Ålment

Frustrert (del II)

without comments

Takk vere ein hyggeleg medarbeidar på Humac i Oslo City, fekk eg stadfesta at problemet var straumforsyninga («batterieliminator»). På eitt vis var det greit, for då er det ikkje tvingane naudsynt å kjøpa ny maskin.

Problemet er at det kostar 750 kr for ei ny straumforsyning. Eg tykkjer det er litt dyrt, eg. Særleg for ei maskin som bør bytast ut om eitt til to år, uansett.

For å vera ærleg, har eg nesten aldri opplevd at det er sjølve straumforsyninga som går sund. Det er visst ikkje eit uvanleg problem på Apple-maskiner, men utan måleverktøy og loddebolt er det litt vanskeleg å vera handyman – eg kan ikkje ein gong finna ut kvar problemet et. Denne sida har fine instruksjonar.

Clah Ohlsson sel fine batterieliminatorar, men det hjelper jo ikkje når desse ikkje har Apple-plugg.

Oppdatering: Eg beit i sureplet, og kjøpte ei flunkande ny 65W straumforsyning med Apple-logo. I bakhovudet snurra ideen om at eg kunne funne ei gamal, utgått PC-straumforsyning og lodda på Apple-pluggen. Så melde spørsmåla seg: (1) Kva vil «nesten rett» volt-styrke gjera med maskina mi?, (2) Kva skjer om eg koplar pluggen med feil polaritet?, og (3) Eg har ikkje loddebolt, og er ikkje særleg flink med lodding heller.

Enden på visa var at eg sa til meg sjølv:

Tarjei, sjølv om far din er ingeniør og bror din er ingeniør, tyder ikkje det at du har noko ingeniør-gen. Du er fyrst og fremst snart historikar, pratmakar og dessutan ganske flink med software. Kvifor valde du Apple i utgangspunktet? Var det ikkje fordi du ville ha ei maskin som berre verka?

Written by tarjei

mars 7th, 2007 at 12:23 p.m.

Posted in Ålment