Strøtankar: Tarjei Vågstøl

Archive for the ‘Bøker’ Category

Ny runde med debatten

with one comment

Det er så utruleg kjekt å ta temperaturen på tida. Same dag som eg la ut inntrykk av det nye Kindle-brettet mitt, fekk Huitfeldt ein rapport om bokbransjen og fastpris, og så byrjar alle å snakka om norske e-bøker igjen fordi rapporten let som om dei ikkje eksisterer.

Herodes Falsk har ein kronikk i Aftenposten i dag om mykje av det same som eg slutta av teksten min med:

Derfor bestemte jeg meg for å kjøpe min egen bok, bare for å sjekke hvordan det funker. Det var ikke vanskelig å kjøpe boka, men jeg fikk den i et format som gjorde den mer slitsom å lese enn om jeg hadde sittet i dårlig belysning og forsøkt å tyde de originale dødehavsrullene.

En kamerat av meg sa: «Jeg tror jeg veit hvorfor Bokskya ikke funker. Dette er en konspirasjonsteori, men kanskje forlagene vil at det skal være vanskelig å laste ned norske bøker, slik at det ikke blir en konkurranse for de tradisjonelle butikkene?»

Altså, berre for å ha sagt det: Amazon er vondskap, dei også. Eller, faktisk, eg trur ikkje norske forlag er vonde. Eg har ingen sympati for Amazon, og den einaste grunnen til at DRM-løysinga deira fungerer er på grunn av marknadsdominansen og gjennomført gode produkt (litt slik som Apple). Det er ingenting eg skulle ønskje meir enn ein e-bokmarknad som var like brukarvenleg som Amazon-universet og samtidig pluralistisk. Diverre har eg ikkje tru på at Bokskya peikar dit, på nokon måte.

Written by tarjei

januar 5th, 2012 at 12:24 p.m.

Posted in Bøker

Kindle – fyrsteinntrykk

without comments

Kindle 4 kom i hus til jol. For min del er det fyrste erfaringa med «lesebrett» (eg har lese e-bøker før, men aldri på særeigne dingsar).

Fyrst, reint fysisk: Dette er bra greier til å lesa lange, samanhengane tekstar. Skrifta er skarp, kontrollane er gode, grensesnittet (og operativsystemet) er godt og ikkje minst, brettet er utruleg kjapt. Eg les nesten like kjapt på brettet som eg les mange papirbøker. Det er iallfall inntrykket mitt, eg har ikkje gjort noka systematisk jamføring. Det er uansett betre enn dei fleste skjermar eg har vore borti.

Men, e-bøker handlar lite om maskinvare, og kor god han er jamført med andre løysingar. Det som gjorde iPod-en populær, var ikkje lydkvaliteten, men det at ein kunne ta med seg veldig mykje musikk i lomma og høyra på han kvar som helst, og det var lett å både overføra eigen musikk (frå CD), kjøpa ny musikk (frå iTunes) og låna musikk frå vener (og totalt ukjende). Lydkvaliteten var «god nok».

Difor, to spørsmål: Korleis er det å lesa med Kindle, og korleis er det å vera bokkjøpar? Svar:

1. Korleis er det å lesa?

Det er heilt fantastisk å lesa. Eg les mykje, men har ikkje dei lange timane til å setja meg ned med «ei god bok». Eg les på T-banen, i sofaen medan ungane ser på fjernsyn, på do. Eg les fleire ting samtidig: mykje sakprosa, litt romanar. Kindle let meg ha alt tilgjengeleg heile tida. For tida er eg djupt inni Hitler-biografien til Ian Kershaw (band 1, band 2, USD 19.32 for kvart band. Ei forkorta eitt-bandsutgåve kostar mindre, USD 16.09). Den (fysiske) boka for stor til at eg kunne dra ho med meg over alt.

Samtidig skal eg ikkje stikka under ei stol at eg lett let meg distrahera. Når eg les på iPhone eller dataskjerm, greier eg sjeldan å lesa lenge før eg må sjekka noko på Wikipedia, nettavisene eller e-post. For meg fungerer Kindle bra fordi han er så dårleg til akkurat dette.

2. Korleis er bokmarknaden

Her er den store bøygen. Amazon har ein gigantisk nettbutikk der veldig mykje engelsk-språkleg litteratur er tilgjengeleg. Billig. Bøkene er sperra med DRM, men Amazon-universet er så stort, og du kan lesa dei på så mange dingsar at dette på mange måtar er eit større prinsipielt enn praktisk problem. Nettbutikken har òg ei flott løysing der ein ofte kan lesa fyrste kapittel gratis, og det finst – utan at eg har testa, ei ordning for å låna bøker.

Kindle kan òg lesa e-bøker som er fritt tilgjengelege utan DRM, til dømes frå det gigantiske Gutenberg-prosjektet. Eg har brukt Calibre, eit flott program med elendig grensesnitt, til å konvertera bøker til mobi-formatet som Kindle bruker internt.

Det store problemet er norske bøker. Den norske e-bokmarknaden er ein vits. Det er veldig begrensa kva som er tilgjengeleg, sjølv av heilt nye bøker. Prisen er høg. Og, dessutan, du kan berre lesa bøkene med einingar som stør Adobe si DRM-løysing. Altså ikkje Kindle (omvegen er å fjerna kopisperren, noko som teknisk sett truleg ikkje er lov).

Eg kjem ikkje utanom konklusjonen: E-bøker er flott. Terskelen for å ta opp ei (e)bok er mindre. Eg veit eg kjem til å lesa mange fleire bøker i 2012 enn eg gjorde i 2011.

Problemet er den norske e-bokmarknaden. Eg har ikkje ord for kor lite lur den norske løysinga er. Dersom forlaga ønskte at norske e-bøker skulle ta av, hadde dei lansert alt som teknisk var mogleg å lansera som e-bøker, dvs alt der manus fanst digitalt. Dei hadde sett prisen lågt, laga ei fin utlånsordning med biblioteka og gjeve bort lesebrett.

Ta det siste med ein klype salt, men det indikerer eit problem. Dersom det ikkje finst ein god måte å lesa bøkene (lovleg) på Kindle, må i det minste det vera svært billig å lesa dei på eit anna lesebrett. Snart har alle som er i nærheita av interessert i e-bøker i Noreg, skaffa seg Kindle, og er på full fart inn i den engelsk-språklege bokmarknaden. Som Erik Newth skriv: «Jeg så og ser på amerikanske ebøker som en reell trussel mot inntjeningen i norsk bokbransje på sikt […] Det nå er ikke bare mulig å være bokelsker i Norge uten noensinne å komme i kontakt med norsk bokbransje – det er både lettvint, rimelig og behagelig.» Ikkje at Kindle er den einaste grunnen – takk vere Amazon og Akademika har eg vore på veg der lenge sjølv.

Eg greier ikkje skjøna anna enn at Bokskya (dvs: den norske e-bokløysinga) er ein halvdårleg kompromiss-løysing for ein bransje som ikkje eigentleg ønskjer å gå over til e-bøker, men som måtte gjera noko.

Det er det verste med Kindle: At det er ein dings som kjem til å dra meg meir og meir vekk frå den norske bokmarknaden, og dimed, frå den norske offentlegheita.

Written by tarjei

januar 3rd, 2012 at 4:25 p.m.

Posted in Bøker