Archive for the ‘Historie’ Category
Retrofuturisme
Det skulle ha seg slik at eg nett oppdaga (på nett) Elektronika MK-152, ein russisk (eller, skulle vi seia, sovjetisk) bordkalkulator frå 2007 som om lag fyller same nisje som HP-48SX (og nyare). Eg betraktar, frå avstand, denne levninga av ein genuint sovjetisk teknologikultur: Elektronika-kalkulatorane er visstnok ikkje reine kopiar av vestleg teknologi, sjølv om dei brukte same RPN som HP-kalkulatorane.
Eg trur eg liker kalkulatorar, ikkje fordi eg har brukt dei noko særleg (den gongen eg studerte matematikk måtte eg leggja bort kalkulatoren), men fordi dei minner meg om ei teknologi- og teknokrati-optimistisk tid, eller som ein samlar uttrykkjer det:
Perhaps part of the magic is that these calculators are relics of the Space Age: a seemingly bygone era when nothing seemed impossible, be it building a hand-held computer at a time when a radio with 12 transistors was considered high tech… or be it landing a man on the Moon in a vehicle that had less computing power than a modern washing machine.
(Dette innlegget er ein ufin (fordi det insinuerer, ikkje argumenterer) kommentar til teksten Bjørn Vassnes skreiv i Klassekampen 06.10.2011, og det beste eg får til nett no.)
Historiske analogiar og DAB
På NRK Beta (2011-02-09) skriv Øyvind Vasaasen, styreleiar i Digitalradio Norge AS, ein tekst der han prøvande samanliknar innføringa av FM-radio med innføringa av DAB. Det er viktig å hugsa på at historisk analogi fyrst og fremst
er eit forteljarteknisk og strukturerande grep.
Det Vasaasen gjer, er å rekna opp visse punkt i soga til FM-radio som samsvarar med stoda for DAB-radio i dag:
- fleire tilgjengelege kanalar
- betre lydkvalitet
- marknaden ønskjer ikkje standarden
Til sist utvidar han analogien med å spekulera på om (dersom eg les han rett) dersom innføringa av FM-radio hadde vorte skunda på slik regjeringa no vil gjera med DAB-innføringa, hadde det fått store politiske konsekvensar for norsk etterkrigssoge.
Kanskje det. What-if-historie er eit anna forteljarteknisk grep, og langt meir omstridd enn analogien.
Likevel er det lite truleg at DAB kjem til å få slike konsekvensar i Noreg. Eg har store vanskar med å sjå at radio har same demokratiserande potensiale i Noreg i dag som det hadde på 70- og 80-talet. Eg er óg usikker på kor viktig det er med fleire kanalar på radionettet i dag. Overgangen frå ein kanal til fleire var eit stort omskifte, likeeins overgangen frå ein formidlar til fleire.
Overgangen frå mange kanalar til enno fleire — og spesialiserte — kanalar er sjølvsagt praktisk (eg elskar NRK Klassisk). Diverre overser Vasaasen at nærast uendeleg mange kanalar let seg formidla over internett, og at folk faktisk ønskjer seg ein godt utbygd Internet-infrastruktur (både i bakken og i lufta), og dei kjøper mengder av mottakarapperat.
FM-sendingane, derimot, var, og er, fornuftige fordi FM er ein, etter måten, enkel teknologi.
Kva er solidaritet
Det aldri kvilande anti-imperialistiske tidsskriftet Frontlinjer publiserer eit slags samandrag av houvdoppgåva mi som eg skriv for to år sidan.
Bruksretta forsking
Sjølv om eg ikkje, på nokon måte, deler synspunkta til dei som står bak bloggen «israelwhat.com», skal eg vedgå at vart litt sjarmert av at dei ikkje berre siterer meg, men òg har omsett meg til engelsk.
(Eg trur dei greidde å leita fram dei minst juicy avsnitta i heile oppgåva mi, forresten).
Vellukka politisk strategi
I biografien om Jens Christian Hauge er det eit poeng Olav Njølstad verkeleg prøver å hamra inn: For leiinga i Milorg var noko av det viktigaste å gje nordmenn ei kjensle av å ha vore med på si eiga frigjering.
Heilt uavhengig av debatten om kva militær rolle motstandsrørsla eigentleg spelte, er det openbert at denne strategien var ekstremt vellukka. Det syner til dømes reaksjonane på kronikken Erling Fossen skreiv i Aftenposten 14.12.08.
Spor
I helga skjøna eg at eg kanskje er patologisk historikar.
Turen gjekk til loppemarknad på Tonsenhagen skule, der fangsten fyrst og fremst var kjøkenstolar av typen me har bestemt oss for å samla på, og eit lite skrivebord til gjesterommet/kontoret. Dessutan gjekk eg gjennom vinylkassene og tok med meg det meste som var av klassisk musikk.
Ein god del på DG, sjølvsagt. Men òg mykje russisk på Melodya og tyske RCA- og EMI-utgåver. Pussig. Det fekk meg til å lura på kven den førre eigaren var. Ingen samlar, tydelegvis, samlinga var for sprikande og lita til det, og alt var heller ikkje i beste stand. Resten av platene vitna òg om ganske brei musikksmak. Melodya-platene var sikkert kjøpte i Sovjetunionen, men kva med dei tyske platene? Var dei ferieminne, eller hadde førre eigaren budd i Tyskland og teke med seg platene hit? Var tyske pressingar vanlege i Noreg?
Denne påska las eg ikkje
Når eg planlegg store høgtider og feriar, er det eit fast punkt på programmet å planleggja kva slags bøker eg skal lesa. Som om det er store mengder tid eg kjem til å føla eit desperat behov for å slå i hel.
Denne påska hadde eg tenkt å arbeida meg gjennom to bøker av Paul Kennedy: The Rise and Fall of Great Powers og Parliament of Man. Kennedy er ein nestor innan analyse på «grand strategy»-nivået, og etter å ha lese meg gjennom Norman Davies si bok om andre verdskrigen (ikkje overraskande handlar den fyrst og fremst om Polen) tykte eg det var på tide med litt amoralsk historieskriving att.
Uansett, eg kom førti sider inn i Parliament of Man. Ikkje vart det noko av møbelsnekringa heller. Påska gjekk med til The Wire og det store mysteriet: Korleis kan taket til Fru Hansen vera gjennomvått, og golvet vårt heilt tørt?
Innsikta
No veit eg kvifor ein skal skriva ei hovudoppgåve før ein vert cand. philol.
Det er fordi nyutdanna historikarar skal vita at det ligg utruleg mykje smerte bak ei samanhengande framstilling på over hundre sider. Dei skal vita at det er tungt å syta for at ein ikkje motseier seg sjølv, får med alle relevante fakta og ikkje rotar seg bort.
Bookends er eit fint hjelpemiddel som held orden på referansane mine, og DevonTHINK er greitt til å systematisera store mengder kjeldeopplysningar, men det finst ikkje eit verktøy i verda som kan ta smerta vekk frå det å skriva.
(Det fine katalogiseringssystemet til DevonTHINK braut forresten saman i møte med norske samansette og bøyde ord, berre så det er sagt).
Om å vera historikar
Det finst uendeleg med bloggar der folk skriv om ny teknologi, fortel om siste nytt frå heimen sin eller kommenterer dagsaktuelle politiske saker. Det er sjeldan eg ser historikarar som bloggar om fagfeltet sitt.
Peter Englund, som har spesialisert seg på populærhistorie om svensk 1700-tal, gjer det. Bloggen hans er ei fin blanding av personlege minner og observasjonar kring det å skriva historie.
Så får me sjå om eg kan verta historikar, ein eller annan gong.
Meir om BBS-Noreg (II)
2007-03-22 skreiv eg:
Det hadde vore interessant om nokon hadde laga eit oversyn over korleis det gjekk med det mild sagt aparte BBS-miljøet rundt Bergen etter at Internet-hausten (nesten det same som atom-vinter) kom over det.
I påska har svensk-bergensaren Peter Sunde stått fram som talsmann for The Pirate Bay. Saman med broren dreiv han ein Amiga-BBS i Bergen, som vart lagt ned då dei flytte til Sverige (eg trur det må ha vore sumaren 1992 eller 1993).
Diverre kan eg ikkje hugsa kva BBSen heitte. Eg brukte ein del tid der, utan at eg hugsar noko meir av det, heller. Det var ein typisk «nattbase», der BBS-maskina vart kopla til heimetelefon-linja om natta. Slike ordningar var vel fyrst og fremst aktuelle for ungar som ville driva eigen BBS, men ikkje hadde råd til ei eiga telefonlinje.
Skattejakta held fram.


