Strøtankar: Tarjei Vågstøl

Archive for the ‘Historie’ Category

Meir om BBS-Noreg

without comments

Written by tarjei

mars 22nd, 2007 at 4:39 p.m.

Posted in Historie,Teknologi

Sosial kapital

without comments

I dag kom eg over ei ganske artig sak i Dagbladet Magasinet (nettutgåva)

Det evige spørsmålet er altså kvifor økonomiane i dei nordiske landa går så bra. No har nokre danske forskarar (tilsynelatande er ingen av dei økonomar, kva konklusjonar me no skal dra av det) skrive ei bok der dei hevdar at den sosiale kapitalen, altså eit samleomgrep for kor velfungerande eit samfunn er, er ein viktig del av «ressursgrunnlaget» til ein økonomi.

- Summen av det ofte uformelle samarbeidet som daglig foregår på kryss og tvers mellom borgere, mellom borgere og velferdsstat, og som hviler på tillit og normer bygget opp gjennom en lang historie.

No er det vanskeleg å seia så mykje fornuftig etter berre å ha lese ein avisartikkel om ei populærvitskapleg bok (moral: du kan sikkert seia noko særleg etter å ha lese eit blogg-innlegg om ein avisartikkel om ei bok, heller), men eg lurer på kor mykje forklaringskraft dette har. Altså, kan ein slå saman ganske komplekse historiske føresetnader til ein «verdi» ein kallar «sosial kapital»?

Written by tarjei

februar 8th, 2007 at 11:04 a.m.

Posted in Historie,Politikk

Leselista og -lysta

without comments

Jan-Erik spurde om kva eg eigentleg tykte om Anthony Beevor: Stalingrad. Det var vanskeleg å svara på, sidan eg enno ikkje er ferdig, men det minna meg om at eg har ei ganske stor liste med bøker eg har tenkt å lesa når eg får samvet til å tenkja på andre ting enn norsk solidaritetsrørsle:

(og sjølvsagt ei rekkje bøker som ikkje handlar om militærhistorie og tilgrensande emne)

Written by tarjei

september 9th, 2006 at 12:14 p.m.

Posted in Historie

Strategiar

without comments

Av og til ønskjer eg meg til Sverige. Særleg etter at eg nett har vore der, eller minna meg sjølv på kor kjekt SVT er i høve til NRK. Ein ting er at dei er så plettfrie sosialdemokratar og at gutane veit korleis dei skal kle seg. Ei anna sak er at militærhistorie er ein anstendig fagdisiplin i Sverige. Ei tredje sak at historikarar offentleg snakkar om at dei liker å spela krigsstrategispel. Puh.

I vår følgde eg førelesingane i emnet «Krig og konflikt» på Blindern. Eit svært godt emne, mykje takk vera dei gode førelesarane Hobson og Surlien. Det har inspirert meg til å setja meg meir inn i «operativ» krigshistorie, og i sumar har eg lese D-dagen av Michael Tamelander og Niklas Zetterling, og eg held på med Antony Beevors Stalingrad.

Eg har òg gjeve meg i kast med to strategispel. Kjært barn har mange namn, på engelsk heiter det wargames eller conflct simulations (consims), men krigsspel høyrest ut som fyrstepersons skytespel og konfliktsimulering som eit bedriftsutviklingstiltak. Det fyrste er brettspelet Memoir ’44, som let deg spela slaga på Vestfronten 1944-45. Det andre er det svenskutvikla dataspelet Hearts of Iron II, som simulerer andre verdskrigen i eit stor-strategisk perspektiv.

Båe utnyttar formatet sitt svært godt og båe har reglar som oppmodar om utforsking og leiking. Kort sagt, det er spel som knapt fantst for fem-seks år sidan (då eg spela rollespel for siste gong), og dei verkar minst like nyskapande som Civilization var i si tid. Eg innser at det vert for mykje å skildra dei båe i dette innlegget, så dei kjem som to åtskilde meldingar. Følg med!

Written by tarjei

juli 17th, 2006 at 4:27 p.m.

Posted in Historie,Krigsspel