Gamle bilete
torsdag, mai 31st, 2007
Til jol investerte eg i eit digitalkamera. Eg har aldri drive noko særleg med foto, og evnene mine er vel under snittet, òg. Likevel prøver eg å ta nokre bilete. Det viktigaste motivet er sjølvsagt Dagny, og eg zoomar sjølvsagt inn slik at alle grautflekkane i andletet henne synest. (Det er naturleg nok ikkje eg som har teke det fine biletet som illustrerer dette innlegget, det er det Ragnhild Ås som har gjort, på Kaffistova 17. mai.)
Samstundes prøver eg ofte å ta bilete av ikkje-objekt òg: Bokhylla, rotet i stova, huset vårt. Eit innlegg frå Peter Englund gjorde at eg skjøna kvifor eg gjer det:
… det [är] sällan avsedda motivet som nu tilldrar sig min uppmärksamhet, och gör fotot intressant. Ofta är det istället vad som skymtar i bakgrunden. För där finns det jag verkligen glömt: bilderna jag satte upp på korridorens köksskåp, plastlådorna där jag samlade mina excerpter, bokhyllan vi hade när jag var barn samt de böcker som stod i den, och så vidare.