Strøtankar: Tarjei Vågstøl

Archive for the ‘Politikk’ Category

Retrofuturisme

without comments

Elektronika MK-152, bilete lånt frå produsenten semico.ru

Det skulle ha seg slik at eg nett oppdaga (på nett) Elektronika MK-152, ein russisk (eller, skulle vi seia, sovjetisk) bordkalkulator frå 2007 som om lag fyller same nisje som HP-48SX (og nyare). Eg betraktar, frå avstand, denne levninga av ein genuint sovjetisk teknologikultur: Elektronika-kalkulatorane er visstnok ikkje reine kopiar av vestleg teknologi, sjølv om dei brukte same RPN som HP-kalkulatorane.

Eg trur eg liker kalkulatorar, ikkje fordi eg har brukt dei noko særleg (den gongen eg studerte matematikk måtte eg leggja bort kalkulatoren), men fordi dei minner meg om ei teknologi- og teknokrati-optimistisk tid, eller som ein samlar uttrykkjer det:

Perhaps part of the magic is that these calculators are relics of the Space Age: a seemingly bygone era when nothing seemed impossible, be it building a hand-held computer at a time when a radio with 12 transistors was considered high tech… or be it landing a man on the Moon in a vehicle that had less computing power than a modern washing machine.

(Dette innlegget er ein ufin (fordi det insinuerer, ikkje argumenterer) kommentar til teksten Bjørn Vassnes skreiv i Klassekampen 06.10.2011, og det beste eg får til nett no.)

Written by tarjei

oktober 6th, 2011 at 10:48 a.m.

Sundslite

without comments

Utan at eg meiner så veldig mykje om opptøya England: Måten styremaktene reagerer på meir enn ymtar om at det er snakk om eit land der stat og samfunn er på veg mot fullstendig oppløysing.

Eg vedgår at eg er avstandsforelska i mange sider ved britisk kultur. Eg beundrar korleis britane vernar om eigne, tilsynelatande meiningslause (og difor meiningsfulle) særeigenheiter som om øya var den siste siviliserte pletten på jorda, og kjærleiken til språket som kjem til uttrykk i Chambers dictionary og i «cryptic crosswords».

Kanskje difor vert eg så lei meg når eg ser kor bråsint, urimeleg og aggressivt dei britiske styremaktene reagerer, som eit styresett som går til krig mot sitt eige folk. Jau då, eg visste vel at det britiske systemet var noko av det mest liberalistiske i Europa, med eit mislukka sosialdemokrati på toppen. Jau då, Mike Leigh og alt sånn. Det er berre sånt som eg ikkje har hatt lyst til å tenkja på.

Written by tarjei

august 17th, 2011 at 12:12 p.m.

Posted in Livet,Politikk

Syklisme

with one comment

Det har ikkje vore måte på «krig» mellom syklistar og bilistar i vår (tilfeldig døme). Sjølv har eg ikkje teke absolutt stilling.

Eg skreiv dette på Twitter for ei tid tilbake:

Trafikkreglane er viktige nok, særleg rettane til syklistar i trafikken. Det er òg viktig at sykling er mindre miljøskadeleg enn bilkøyring, og at folkehelsa vert betre dess fleire som syklar. Utan sertifikat føler eg òg at eg kan koma med slike argument med handen på hjarta.

Likevel, eg vart veldig glad då eg kom over denne teksten, The Real Reason Why Bicycles are the Key to Better Cities (via Boingboing), som legg vekt på noko heilt anna: Som syklistar ser vi – og tek del i – byen rundt oss på ein heilt annan måte enn når vi køyrer inni stålkassar som støyar. Slik er det ei transportform som legg til rette for samfunnsdeltaking og -engasjement på ein heilt annan måte enn bilen (og, for den del, bussen) gjer.

Det er mogleg at påstanden ikkje er heilt eintydig sann, men eg opplever det likevel som eit godt argument.

Written by tarjei

mai 23rd, 2011 at 9:51 a.m.

Posted in Livet,Politikk

Tagged with ,

Det du ikkje får sjå

without comments

Sjølv om eg har skjøna at Internet gjer det mogleg å knyta veldig mange sosiale band, har eg vore skeptisk til ideen om at Internet kan erstatta politisk arbeid. Boka The Filter Bubble: What the Internet Is Hiding from You verkar interessant. Frå Amazon Q&A med forfattaren:

But that more democratic society has yet to emerge, and I think it’s partly because while the Internet is very good at helping groups of people with like interests band together (like MoveOn), it’s not so hot at introducing people to different people and ideas.

(via Boingboing)

Written by tarjei

mai 16th, 2011 at 1:32 p.m.

Posted in Politikk,Teknologi

Tagged with

God idé

without comments

Nokre kjenningar, som har valt å busetja seg i ei bygd der det bur færre menneske enn i burettslaget mitt (tippar eg), promoterer denne kampanjen for tida. Det er ikkje rein velvilje som gjer at eg tykte det var fornuftig å promotera logoen, som i tillegg til å vera pen og livar opp bloggen min, der oppe i høgre hjørne.

Noko av det eg liker best med å bu på Veitvet, er korleis grenda er designa for å vera levande: Korleis leikeplassane ligg slik at ein kan sjå dei frå stoveglasa og korleis senteret, som skulle vera alt du treng i kvardagen, fem minutt unna dei aller fleste.

I 2011 er det sjølvsagt litt annleis. Somme i burettslaget ønskjer til og med å flytta leikeplassane lengre bort frå husa på grunn av «støy». Det tykkjer eg er litt trist. Eg skulle ønskja fleire handla på butikkane på Veitvet-senteret, at vi fekk eit betre tilbod (til dømes ein normal kafe utan alkoholservering og eit bibliotek), slik at dei som bur på Veitvet ikkje treng reisa med bil til Linderud, Kalbakken eller Grorud for å handla. Jups.

Så, frå litt uventa hald, eg tykkjer kampanjen er kjempefin.

Written by tarjei

mai 13th, 2011 at 11:14 a.m.

Posted in Politikk

Tagged with , ,

Rosande omtale

without comments

Eg skal vedgå at eg er gripen av den nye tida.

Det tyder at når eg les noko eg tykkjer er artig, plar eg dela det i Google Reader (RSS-feed du kan tinga). Eller mikroblogga/tvitra det, men eg er ikkje kjempeflink på den plattforma enno.

Difor har eg lyst til å gje litt rosande omtale av sykkelpostingane til Olav Torvund. Eg er, når høvet byr seg, entusiastisk transportsyklist, og eg elskar korleis Torvund forsvarar sykkelen i trafikken. Han gjer det på ein slik sjølvrettferdig, klart-eg-veit-best måte som gjer meg glad. Litt som det slagordet «Nynorsk som einaste riksmål», eller humanetikarane sitt «Don’t prey in my school, and I won’t think in your church». Kombinert med ein infam stråmannalesing av dei han kommenterer. Slik som her:

Eller mener en dis­trikts­le­der i Trygg Tra­fikk at folk er vik­ti­gere jo mer metall de frak­ter med seg når de skal for­flytte seg? Mener en leder i Trygg Tra­fikk at det bare er rett og rime­lig at folk med store og dyre biler for­flyt­ter seg raskt, mens folk som syk­ler er uvik­tige og bare har å passe seg?

Written by tarjei

mai 12th, 2011 at 10:53 a.m.

Det er prinsippa

without comments

No har Microsoft kjøpt Skype. Det tyder, for min del, at eg må leita etter ei anna løysing for videotelefoni på Internet. Skype var jo rote frå starten, men Dagens spørsmål: Kva eignar seg? Eg stiller ikkje så store krav, men det må vera gratis og ha klientar (helst med open kjeldekode) for dei mest brukte operativsystema (Linux, OSX og Windows). Dessutan er det fint om det er så lett å setja opp at far min greier det. Fint om det fungerer òg.

Eg skal vera den fyrste til å vedgå at motstanden min mot Microsoft er mildt irrasjonell og anakronistisk. Eg burde vera like skeptisk til Google og ikkje minst Apple. Facebook, derimot, føler eg at eg har greidd å mobilisera adekvat skepsis mot.

Det går ikkje så bra med Facebook-boikotten min. Prosjektet om å ha FB-profil, men ikkje bruka han, syner seg vanskeleg å gjennomføra i praksis. Eg prøver, då.

Written by tarjei

mai 11th, 2011 at 10:34 a.m.

Posted in Politikk,Teknologi

Tagged with , ,

Politisk strategi

with one comment

Stundom vert eg litt matt av den politiske strategien til byrådet. VG følgjer opp ei «sak» om at nybygg vert dyre på grunn av auka krav til teknisk standard med byrådsleiaren som uroar seg for at Oslo vert for dyrt for folk flest.

Godbiten kjem til slutt:

- Finnes det muligheter for å stanse en slik utvikling?

- Ikke så lenge det aller meste av boligmassen er privateid. Det måtte i så fall være gjennom prisregulering av boligmarkedet, men det har jeg ingen tro på.

Altså: Høgre har sidan starten av 1980-talet vore ansvarleg for ein bustadpolitikk som har fått bustadsprisane til å eksplodera, gjort bustad til eit spekulasjonsobjekt og oss alle avhengige av at bobla ikkje sprekk. Eg har sett ein del hevda at den norske bustadmarknaden er den mest liberale i verda, utan at eg heilt veit kva som ligg i det.

Men då hjelper det vel ikkje å stilla opp i avisa og sjå trist ut fordi Oslo er astronomisk dyrt å bu i?

Written by tarjei

april 15th, 2011 at 8:46 a.m.

Posted in Politikk

Tagged with ,

Morsmål

without comments

Den delen av «Groruddalsdebatten» som er marginalt interessant, handlar om språklæring for barn av minoritetsforeldre. Dersom det er eit reelt problem, altså. Debatten har ei form som gjer at det er litt vanskeleg å vita om ein snakkar om reelle eller hypotetiske problem.

Iallfall var det ein fin kronikk i Dagbladet i dag om at det er fint at ungar lærer eit anna språk enn norsk heime. Ikkje så pedagogisk tung, men dette er uansett er eit verdispørsmål inst inne. Det var difor eg nytta ordet «fin» to gonger i førre setninga.

Written by tarjei

april 13th, 2011 at 1:25 p.m.

Posted in Politikk

Tagged with , ,

Familien rapporterer

without comments

Siste nytt i Groruddalsdebatten. Gudrun, som trass alt skriv mykje betre enn meg, har lesarbrev i Aftenposten Aften: Eg har det bra i Groruddalen.

Vel, Patrick Åserud: Det får du ikkje seia i mitt namn. Eg bur òg i Groruddalen, og eg har det heilt fint.

Lesverdig, sjølvsagt.

Written by tarjei

april 6th, 2011 at 8:03 a.m.

Posted in Livet,Politikk

Tagged with