Archive for the ‘Teknologi’ Category

Scroogled på norsk

Tuesday, March 10th, 2009

Eg har omsett novella Scroogled av Cory Doctorow til norsk. Ho stod på trykk i tidsskriftet Rødt! nr. 4/2008, og er sjølvsagt tilgjengeleg på nettet.

Medlem av kultureliten

Thursday, January 22nd, 2009

I dag, om lag tre år etter alle andre, er eg endeleg medlem av Underskog. Herregud, kor eg har gremma meg over å vera ekskludert frå heile det urbane kultur-elitemiljøet. No kan eg stå med rak rygg att.

Dessutan får Obama framleis ha mobil. Eg hadde uroa meg litt over dette., og er no letta. Sjølv om eg trur at journalisten i Aftenposten har gløymt at både sendar og mottakar må syta for at kommunikasjonen er sikker.

Men det hadde vore ein god idé å kryptera innhaldet i telefonminnet, slik ein del operativsystem kan kryptera swap-partisjonen. Finst det normale telefonar som gjer det?

Verkeleg Scroogled

Friday, December 5th, 2008

Cory Doctorow skreiv novella Scroogled om kva som kunne henda om Google misbrukte alt dei veit om deg. Novella har eit mildt drag av science fiction, men no har det kome ei bok som går gjennom kva Google eigentleg veit: Googling Security: How Much Does Google Know About You? av Greg Conti.

Som Cory Doctorow skriv i bokomtala:

I’ve given the subject of privacy and Internet use a lot of thought, but even so, Conti’s book opened my eyes to potential risks I’d never considered.

Makteslaus og uinformert

Tuesday, November 18th, 2008

Eg har ikkje skrive noko om den nyvalde presidenten i USA her. Men eg tykte eit stykke frå NYTimes i dag var ganske artig: Lose the BlackBerry? Yes He Can, Maybe.

– God morgon, Barack. Eg har gode nyhende, og dårlege.
– Uff då. Kva er dei gode?
– Du vert president i USA.
– Du, det veit eg. Det var kjekt å vinna, men det spørst no kva eg kan få gjort, då. Eg er ikkje nett Chavez, heller, sjølv om eg måtte få folk til å tru det. Men kva er den dårlege?
– Presidentar får ikkje senda e-post.

Framtida for nynorsk på nettet

Thursday, October 16th, 2008

Fyrste debatten sundagen på Dei nynorske mediedagane var ikkje nett veldig godt besøkt, men tok til gjengjeld opp eit interessant spørsmål: Kan dei store, riksdekkjande avisene kanskje prøva å ha litt nynorsk i nettavisene sine?

Svaret var om lag: Nei, ikkje i det redaksjonelle innhaldet. Men nettavisene (VG og Dagbladet) satsar på brukargenerert innhald, må vita, og om nokre år er nok berre 25 % av nettstadene deira redaksjonelle. Ikkje veldig oppmuntrande for nynorsken, men svaret vart gjeve så tydeleg at eg trur at det var eit oppriktig uttrykk for strategien til nett-tabloidane. Eg trur det er ein feil strategi, iallfall på lang sikt. (more…)

Databasar og parallell-prosessering

Wednesday, October 8th, 2008

Eg har lese litt for lite om teknologi den siste tida, føler eg. Ikkje så rart. Men i dag ramla eg over ein artig, lett tilgjengeleg tekst av Robert X. Cringely om korleis databasar og parallell-prossessering faktisk ikkje er så lett å få til samstundes. Og kvifor det er viktig. Her.

Det minner meg om noko som eg diverre ikkje hugsar kven som sa. På norsk:

“Databasar er for dei som ikkje greier å byggja datastrukturane sine sjølv”

Elles gler eg meg til det vert haust og eg skal testa ut Ubuntu 8.10. Eg plar liksom prøva kvar utgåve av Ubuntu og konkludera med at “dette er saker”, men finn kvar einaste gong ut at Windows kjem betre overeins med billig-laptopen min. Rett skal vera rett, i 8.04 var det ikkje så mykje som skilde lenger (ankepunkta plar vera straum- og viftestyring og svevn/dvale).

Little Brother

Tuesday, July 22nd, 2008

Etter det eg les på bloggen til Eirik Newth skal Samlaget gje ut Little Brother av Cory Doctorow på norsk. Dei har iallfall rettane til det.

Det er utruleg kult.

Det er altså ei slags ungdomsbok i «post-cyberpunk-SF»-tradisjonen om ungdom som bruker teknologi til å slå attende mot staten og overvakingssamfunnet. Dessutan er skjønnlitteraturen til Doctorow om lag like politisk som 1970-talsbøkene til Dag Solstad. Doctorow er kanskje aller mest kjend som EFF-aktivist og ein av lykelpersonane bak Boing Boing-bloggen.

Hurra.

Akademisk skriving

Friday, June 27th, 2008

Då eg måtte kvitta meg med iBook-en min, vart saknet av DevonThink og Bookends veldig stort. No har eg for så vidt slått meg til ro med Zotero (enn så lenge), men det er ein del ting eg verkeleg saknar. Eg testa ut to program som gav forventningar til å gje meg noko av det eg sakna, utan å finna det:

Citavi

Eit sveitsisk produkt som på mange måtar er ein kombinasjon av:

  1. eit referansehandteringssystem,
  2. ein sitatdatabase og
  3. eit arbeidsflytssystem for akademiske prosjekt.

Eg gjekk rimeleg entusiastisk i gang med å testa ut programmet, men det fall på mange måtar gjennom. Dei skriv sjølve at det er “sehr schweizerisch”, og eg trur at det kan ha noko med at eg ikkje heilt vart vener med det. Det er for all del bra, men eg oppfatta det som litt tungvidt og vanskeleg å tenkja med.

Ankepunkt:

  • Tregt. Det er skrive i .NET, trur eg, og eg tykte det gjekk seint rundt på ein billig-bærbar frå 2007. Sjølvsagt er det òg berre for Windows.
  • Tungvidt. Zotero har det eg kallar eit minimalistisk UI-design, og det er plenty nok til dei fleste føremål. Citavi har masse hjelpetekst på skjermen heile tida, og eg tykte faktisk at 1280×800 vart for lite skjerm!
  • Berre på tysk. Det går jo, og eg er glad i tysk, men eg les det diverre alt for sakte til at eg kan bruka det i eit program. Den engelske utgåva kjem visstnok på seinsumaren:

    Im Spätsommer 2008 kommt das Update auf Version 2.5 … Version 2.5 wird es auch in einer englischsprachigen Fassung geben.*

Citavi verkar saman med både OpenOffice og Microsoft Word.

Nota Bene

Nota Bene er eit program eg gjerne skulle ha likt: Eit tekstbehandlingssystem med innebygd referansehandtering og indeksering. Eit komplett akademikarsystem. Med mange år på rumpa, og ei historie attende til DOS. Diverre trur eg òg at Nota Bene viser at det ikkje alltid er veldig bra å ha veldig nøgde kundar (Endnote, til dømes, er eit system eg trur har overlevd på å ikkje vera så bra), og at store system krev anten krev veldig god teknologi, slik at utviklarane kan byggja på andre sitt arbeid, eller ein ganske stor utviklarstab.

Eg oppdaga iallfall mange fine prinsipp bak Nota Bene. Det innebygde systemet for referansar er glimrande, stil-systemet står ikkje tilbake for noko og indekseringsprogrammet Orbis let deg byggja opp ein indeksert database over utvald tekst. Eg er skeptisk til indekserte søk i rubb og rake som einaste informasjonsstrategi, fordi alle som arbeider med tekst vil byggja seg opp ei ganske stor tekstmengd med raffinert informasjon.

Likevel er Nota Bene gjennomplaga av ein stor base historisk kode. Dei flytta seg over til Windows i “Windows 3.1-tida”, og mykje programmet syner det:

  • Ikkje Unicode-støtte. Skal ein bruka meir enn Latin-1, må ein kjøpa ei spesiell, dyr utgåve. Dei gjer veldig mykje sjølv (til dømes må ein definera tastaturet sitt i programmet), og ting som teiknsett og innskriving av aksentar ventar eg at operativsystemet skal ta seg av.
  • Grensesnittet er gamaldags og stygt. Eg burde ikkje bry meg med det, men Windows-grensesnitta er faktisk vortne mykje betre dei siste åra. Det er openbert mykje 16-bits Windows-kode att, til dømes er ikkje støtta for lange filnamn heilt god.
  • Mange bugs. Nota Bene bruker oppmerkingstags om lag som Word Perfect, men det vart fort mykje rot.

Når nettsidene samtidig ser ut som om dei er frå 1994, og nye versjonar og feilrettingar ikkje nett ser ut til å stå på trappa, er det rett og slett vanskeleg å vera veldig entusiastisk. Ideane frå Nota Bene er så gode at programmet hadde fortent ei ekte nyskriving, med moderne grensesnitt og støtte for moderne filformat.

Klatrarar

Wednesday, June 25th, 2008

Eg veit, det var slik Natt og dag gjorde, men likevel:

1. Rosévin har openbert fått gjennombrotet i sumar. På dei tre siste middagsbesøka me har hatt, har gjestene hatt med seg ei flaske rosévin. I fall middagsgjestene les dette, vil eg påpeika eg er veldig glad i rosévin og at det neppe er noko som eignar seg betre på altanen ein varm sumarkveld. Spørsmålet: Kor varm? Bakpå ei flaske står det “kaldarare enn nokon annan vin”, på ei anna “mellom 11-13 gradar” og på den tredje “14 gradar”.

2. Eg er, som mange andre, biten av vinylfeber att. Eg har sett opp Rega Planar 2-spelaren min att (førebels ikkje heilt bra, men iallfall i vater: vegghylle neste!), og kosar meg med høgtida det er å spela svart gull. Om det lyder betre enn digital avspeling, veit eg ikkje. Eg har ikkje same innspelingane i båe formata.

Høgdepunktet var iallfall då eg var innom hifiasylet Stereofil, for å høyra om eg burde gjera noko med spelaren etter ti år. “Nei, eigentleg ikkje”, var svaret. “Du kan skifta reim om nokre år”. Eg har likevel lyst til å oppgradera motoren til siste utgåve og vurderer å byta pick-up. Både delar er reelle forbetringar (nyare utgåver av same spelaren har både “ny” motor og betre PU), og spelaren er jo i kategorien “fattigmanns-hifi”, der enkle grep faktisk kastar betre ljod av seg. Men det er fantastisk å eiga ei teknisk innretning som ikkje går i stykker etter eit par år, slik mobiltelefonar gjer heile tida og iBook-en min gjorde etter berre to og eit halvt år.

Saksopplysning

Monday, June 16th, 2008

Informasjon går ut på dato. Eg skreiv at Zotero ikkje funka på Firefox 3.0, men frå og med 1.0.4 gjer programmet altså det. Eg er spent på korleis det kjem til å funka med det nye sitat-handsamingssystemet i OpenOffice 3.0.

Elles fann eg ein artig norsk blogg om teknologi for humanistar (Digital Humanist). Ikkje så mykje nyttig der enno (og forfattaren tilrår framleis Endnote framfor Zotero), men absolutt ein stad eg vil følgja med på frametter.