Archive for the ‘Teknologi’ Category

Den motor som skapar rörelse

onsdag, mars 26th, 2008

Sidan eg var femten år gamal, har eg drive på med organisasjonar og gjort organisasjonsting: Medlemsmøte, styremøte, fraksjonskampar, årspengar, flygeblad, demonstrasjonar, tidsskrift, studieringar, ta-ein-øl-etter-møtet. Det var i organisasjons-Noreg eg fann kjærleiken, og der er her eg har fått jobb. Eg skreiv til og med hovudfagsoppgåva mi om organisasjon og organisering.

Kvifor? Jau då, Noreg er eit gjennomorganisert samfunn. Men me lagar ikkje desse organisasjonane berre fordi me treng eit rammeverk for å ordna liva våre. Me lagar desse organisasjonane fordi me vil endra noko, eller som Kim Salomon seier det (og alt høyrest meir poetisk ut på svensk):

Begreppet social rörelse definieras vanligtvis som ett kollektivt organiserat handlande. Deltagarnas aktiviteter utgör den väsentligaste ressursen, och syftet är att endra samhällsutvecklingen. Rörelsen får sin kraft genom anhängarnas aktiva deltagande och vilja att förverkliga rörelsens mål. (Rebeller i takt med tiden (Rabén Prisma, 1996), s. 17).

No har “alle” (frå Cory Doctorow til lunsjbordet) byrja å snakka om kollektiv, målretta handling utan organisering. Clay Shirky har skrive ei bok om det: Here Comes Everybody (takk, boing boing).

Eg har ikkje lese ho, så eg veit ikkje om det er Web 2.0-drøymeri, ein variant av den usynlege handa til marknaden eller kva. Eller kva dei tenkjer ein skal oppnå utan organisering.

Men, Tarjei, då! Word?

torsdag, juli 19th, 2007

Meir teknisk denne gongen.

Tenk at eg skulle seia at Word og Endnote - på Windows - er bra. Har eg ikkje alltid sagt at dette er noko søppel, og snakka varmt om gode alternativ? Kanskje nokon vart skuffa over at eg ikkje brukte LaTeΧ til oppgåva mi?

Lat meg seia det så enkelt som at Word faktisk fungerer når ein del vilkår er til stades:

  1. Dokumentet ditt inneheld lite, eller helst ingen, matematikk. Word 2007 har ein heilt ny likningseditor som faktisk ser svært bra ut, men i tidlegare utgåver har eg opplevd at det nesten ikkje er verd bryet å produsera vakker matematikk med Word.
  2. Du bruker eit eksternt program for å handtera referansar. Som sagt, Endnote fungerer OK på PC, på Mac liker eg Bookends betre. Word 2007 har faktisk innebygd referansehandtering - igjen, noko eg er spent på om fungerer. OpenOffice har hatt det lenge, men førebels er ikkje systemet deira brukande dersom ein har litt avanserte behov.
  3. Du har tilstrekkeleg maskinkraft. I «gamle dagar» var det slik at Word krasja når ein prøvde seg på litt lange dokument med struktur. No er det ikkje heilt slik, lenger, men det hjelper svært godt dersom maskina er rask nok (for passande verdiar av lang, struktur og rask).
  4. Du har ikkje tenkt å driva med avansert formgjeving, og krev ikkje at teksten din skal sjå særleg «typografisk korrekt» ut.
  5. Du bruker dei funksjonane Word har; særleg viktig er det at du bruker stilar og slikt for å definera mellomtitlar og slikt.
  6. Menneske skal vera involvert i kvart einaste steg teksten skal ta vidare. Word-filer er framleis nesten uråd å gjera særleg mykje med automatisk.

Lista over ser glatt bort frå at Microsoft framleis er det vonde imperiet og at Word-filer er eit lukka format der du overgjev teksten din til vondskapens fyrste. Eg må berre, rett og slett, bita i sureplet og vedgå at det ikkje alltid er dumt å bruka Word til å skriva tekst i.

OpenOffice er ein OK konkurrent til Word, men den største føremonen er at det er gratis. Det vesle eg har brukt av OOo, har diverre ikkje imponert meg.

iBook 14″: 2004–2007

tysdag, juli 3rd, 2007

I tre år har ein 14″ Apple iBook vore venen min. Det var den fyrste «skikkelege» datamaskina eg kjøpte; det slår meg at alt eg kan om datamaskiner (sidan midten av 1980-talet) har eg lært på Frankenstein-monster eg har skrudd saman sjølv av avlagte delar. Då eg kjøpte iBook-en, var det mest for å ha ei maskin som «berre verka». Det gjorde ho, og eg var framleis ganske nøgd, sjølv om både prosessoren (1.2GHz PPC G4), skjermen (1024×768 14.1″) og minnet (768MB) etter kvart rykte nedover i divisjonane. Eg treng ikkje noka ny maskin, eg, tenkte eg.

Eg har rett nok oppgradert litt. Maskina kom med 256MB minne, og det skjøna eg med ein gong at var for lite, så allereie etter nokre dagar sette eg inn ei 256MB-brikke til (seinare vart det ei 512MB-brikke, og 256MB-brikka arva Gudrun). Etter eit stygt fall tok disken kvelden («klank-klank»), så eg sette inn ein ny og større disk (80GB, 5400 rpm mot 60GB, 4200 rpm). Fire månader i Kairo, der maskina vart brukt på wifi-kaféar nokre timar om dagen, tok knekken på batteriet, så det bytta eg. Det siste som skjedde, var at straumforsyninga rauk i mars. Då tykte eg at 750 kr var litt drøyt til ei så gamal maskin (nye MacBooks har ei anna straumforsyning), men midt i innspurten med hovudoppgåva verka ikkje tida å vera inne for å gjera noko som helst med arbeidsmiljøet mitt.

I dag knela maskina heilt, og denne gongen reknar eg med at det er viktig komponentar på hovudkortet som har teke kvelden. Det byrja i går ettermiddag, då skjermen brått gjekk i svart og maskina låste seg. Omstart gav berre TV-støy på skjermen. Det legendariske «zap PRAM»-trikset funka, men etter ei tid (alt frå to minutt til ein time) knela maskina att. Symptoma var vekselvis svart skjerm og psykedeliske fargar. Så, om lag klokka 23:00, brått funka det att. Maskina var operativ i fleire timar, og eg kunne sjå ein heil film på henne medan oppvaskemaskina gjekk.

Malapropos, dette minner meg om ein «AI-koan» frå The Jargon File:

A novice was trying to fix a broken Lisp machine by turning the power off and on. Knight, seeing what the student was doing, spoke sternly: “You cannot fix a machine by just power-cycling it with no understanding of what is going wrong.” Knight turned the machine off and on. The machine worked.

I dag kom problema attende. Maskina verka i ein halvtime, og gjekk i svart. Det såg ut til å verka å zappa PRAM, men så gjekk ho heilt i svart, og nekta starta. Av og til kunne eg høyre lyden av vifta som starta (og gjekk og gjekk), eller CD-drevet som spann opp, men firmware vart ikkje ein gong lasta.

Ein kan aldri vita, men eg reknar med at maskina er heilt daud no. Det er litt sørgeleg. Då Gudrun fekk høyra at iBook-en var sjuk i går, svara ho faktisk «og den som du var så glad i» - med medkjensle i røysta. Det tykkjer eg var veldig snilt sagt av ein som ikkje liker tekno-duppedittar.

Kva no? På sikt må eg vel skaffa meg ei ny maskin. Då kjem alle vala eg må ta. Berbar eller stasjonær? Det er ikkje tvil om at det er svært mykje betre å arbeida med det meste på ein stasjonær maskin, men bærbare maskiner har fordelen at eg kan arbeida kvar som helst, og ikkje må setja meg på kontoret for å bruka dei. Operativsystem? Eg elskar OSX, men eg er litt misnøgd med at maskina frå Apple faktisk ikkje vara lengre enn tre år. Alternativet er Linux (helst Ubuntu), men det var så godt å ha ei maskin der alt berre verka, og eg ikkje trong styra med drivarar, codec-ar og alt slikt. Vista vil eg iallfall ikkje ha, etter det vesle eg har sett (Windows XP kunne eg til naud ha brukt).

Vel, vel. Godt eg har ein heilt frisk backup, iallfall.

Tastatur

måndag, juni 11th, 2007

Eg skreiv at “før i tida var tastatur noko ein brydde seg om, og investerte i”.

Eg er ein sånn gamling som bryr meg om tastaturet (likevel skreiv eg hovudfagsoppgåva mi på tastaturet på ein iBook!) Eg har gjeve opp å tilpassa tal- og bokstavtastane noko særleg, men eg bryr meg om tilvalstastane (td. shift, control og alt) og teikntastane.

I dag bruker eg eit ganske standard Logitech-tastatur på jobb.
Tastatur

Det er eit greitt tastatur, men det irriterer meg at tastane det har åtte heilt ubrukelege “multimedia”-tastar på toppen, i tillegg til tre “Windows-tastar” eg aldri bruker. Så kom eg på at Logitech laga musa til Lisp-maskinene frå Symbolics, og byrja å tenkja på kvifor ingen kunne laga eit slikt PC-tastatur:

eller eit tastatur som tilsvara “Space Cadet”-tastaturet på Lisp-maskinene på MIT:

Klikk på bileta, så vert dei større. Det er ikkje den mekaniske kvaliteten eg tenkjer på no, men det rike utvalet av nyttige spesialtastar.

Eg liker spesielt det visjonære som nokon har sagt om tastaturet:

Still, many of the user-interface ideas behind certain key additions never materialized in actual software systems. So, it remains a monument to design excess.

Forklaring på vitsen: i dag finst det ikkje “user-interface ideas” i tasturdesign lenger.

Grensesnitt-konservativsme

tysdag, juni 5th, 2007

Det førre innlegget mitt fekk meg til å tenkja litt vidare. Den fyrste staden eit slikt grensesnitt kjem til nytte, er i iPhone, ein ny mobiltelefon (og iPod) frå Apple. Dersom omstenda hadde vore annleis, hadde ein slik stått høgt på prioriteringslista mi. No valde eg i staden ein Nokia E65, som er ein minst like god telefon. iPhone burde eg ha nemnt i førre innlegget.

Spørsmålet er sjølvsagt om radikale forbetringar av måten me bruker datamaskiner på, er mogleg. Me veit godt at grensesnitt har ein tendens til å låsa seg, slik at det berre er to utviklingar som er mogleg: anten svært små forbedringar (rullehjul på musa, ekstra tilvalstastar på tastaturet) eller revolusjonerande endringar (overgangen til webbaserte grensesnitt, som har sett sjølve samhandlingsformene våre mange tiår attende). Slike “revolusjonerande” endringar trur eg har lettast for å festa seg når det ikkje framstår som eit nytt grensesnitt til noko gamalt, men eit nytt grensesnitt til noko nytt.

Eit perfekt døme er tastaturutlegg.

Dei aller fleste skriv på tastatur med Qwerty-utlegget, sjølv om gode alternativ har eksistert mykje lengre enn datamaskiner har. Sjølv om Dvorak ikkje er perfekt, er det på mange måtar betre enn Qwerty: Du må flytta fingrane mindre for å skriva vanleg tekst, og det gjer at du både skriv snøggare og slit mindre på nevene. Det finst andre utlegg som skal vera enno betre enn Dvorak, til dømes Colemak.

Likevel er det noko som ikkje funkar. Eg trur at mine eigne røynsler med er mogleg å generalisera: Eg har prøvt ikkje-Qwerty oppsett og funne ut at dei intuitivt kjenst betre, men gjeve opp etter å ha brukt nokre veker på å læra meg det nye utlegget. Andre fortel at dei har prøvt svært hardt, i fleire månader, men innsett at det faktisk er svært vanskeleg å skriva snøggare enn ein gjer med Qwerty.

Nokre idéar til kvifor det er slik:

  • Qwerty er der, alltid. Du setja deg ned ved ei datamaskin og forventa at tastaturet har Qwerty-utlegg. Dei fleste bruker mange ulike datamaskiner, og det er alltid litt fikling med å få alternative utlegg til å fungera (særleg om ein vil installera t.d. “norsk Dvorak“).
  • Me kan Qwerty. Heilt frå eg brukte ei datamaskin for fyrste gong, for tjue år sidan, har eg brukt Qwerty. Eg skriv ikkje touch, men eg skriv med alle fingrane utan å sjå på tastaturet. Ikkje berre einskildbokstavar, men òg bokstavkombinasjonar, kan eg skriva utan å tenkja. Kvar gong eg har prøvt å læra meg touch (anten det er med Qwerty eller Dvorak), har dette stogga meg: Eg skriv ikkje bokstav for bokstav, iallfall ikkje medvite.
  • Det, igjen, kan koma av at eg ikkje skriv touch. Fingrane mine kviler på ASEF-JIOØ eller ASEF-KOPÆ (det normale med Qwerty hadde vore ASDFHJKL). Dette er utan tvil ein skrivestil eg har lagt meg til å på grunn av sjølve tastaturet.

Dette er sjølvsagt ikkje uovervinnelege hinder. Eg lærte meg å skriva nynorsk skikkeleg, sjølv om eg definitivt skreiv bokmål best og mest feilfritt då eg gjekk på gymnaset. Det tok mange år å skrive nynorsk like trygt som eg skreiv bokmål.

Når folk ikkje er viljug til å omskulera seg til eit anna tastaturutlegg, er det kanskje fordi tastatur ikkje er så viktig. Folk skriv eigentleg ikkje så mykje på tastaturet. Det må vera grunnen til at medan mus og skjermar har vorte utvikla, har det gått jamt nedover med tastatura. Før i tida var tastatur noko ein brydde seg om, og investerte i. No er dei berre forbruksvare, og gamle IBM-tastatur er ettertrakta objekt. Den einaste “forbetringa” på tastatura har fått, er at dei har fått nokre ubrukeleg knappar heilt for å justera lyd og slikt.

Neste steget

måndag, juni 4th, 2007

Eg skal ikkje klaga over den teknologiske utviklinga, det gjer eg alt for ofte. Det er ikkje tvil om datamaskinene er raskare i dag enn dei var for tjue år sidan og me difor kan gjera mykje meir som me ikkje kunne før. Grafikken og prosessorane er raskare, minnet og harddiskane er større og nettverkstilkoplinga er uendeleg mykje raskare.

Det som har stått stille, er samhandlingsformene våre. Me ser framleis på bitmappa, flate skjermar framføre oss, skriv på mekaniske tastatur og bruke musa til å flytta ein peikar. Alle desse elementa har vorte noko betre (kanskje med unnatak av tastaturet), men endringa har på ingen måte vore så stor som endringa i maskinvara i botnen.

No ser det ut som både Microsoft og Apple arbeider med grensesnitt som let deg manipulera ei biletflate fysisk, med fingrane. Det har potensiale til å revolusjonera grensesnitta, men me må sikkert venta i ti år før det får noko å seia for vanlege datamaskiner.

Microsoft Surface, og døme frå Apple:

Å snakka saman

laurdag, mai 19th, 2007

I avisa står det det at det snart berre er «vaksne som bruker e-post». Det gjorde at eg byrja å tenkja over kva elektroniske kommunikasjonsformer eg faktisk bruker.

Telefon [ein-til-ein]. Eg er ikkje den som likar best å snakka i telefonen. Det er det fleire grunnar til. Eg misliker lyden av mi eiga stemme, og eg misliker dei konstante avbrota telefonoppringingar fører til. Likevel har eg vorte flinkare til å hugsa på å ha med meg ein opplada mobiltelefon.

SMS [ein-til-ein]. For tre-fire år sidan var SMS verkeleg tingen, men eg har kjensla av at det er i ferd med å gå litt av moten? Eg får færre SMSar i dag enn eg gjorde for berre eitt år sidan. Kanskje det kjem av at mobiltelefonar byrjar å stø e-post og nettprat? Eller kanskje det kjem av at SMS er ganske tungvidt og begrensa?

E-post. [ein-til-ein, mange-til-mange, ein-til-mange] Sidan 1994, og eg reknar meg for ein rimeleg avansert brukar. Eg har fem-seks “aktive” adresser, som eg bruker i ulike samanhengar, og har eit ganske komplekst opplegg for å lesa e-posten min kor som helst.

Nettpart (chat, ilmeldingar, instant messaging). [ein-til-ein] Eg tok i bruk nettprat ganske motviljug. Fyrst og fremst misliker eg dei konstante avbrota, det at det sprett opp nokon som vil snakka med deg heile tida. Men no er eg tilgjengeleg både på MSN og GoogleTalk. IRC, mange-til-mange-nettprat, har eg nesten ikkje brukt.

USENET. Eg byrja faktisk å lesa Usenet samtidig som eg byrja å bruka e-post, og eg har vel skrive eit par hundre innlegg til saman. Usenet er mindre populært no enn for ti år sidan, men veldig artig å følgja med på: Dei som deltek er skriveføre, og verktøya for å lesa og skriva artiklar er gode. Men det tek rett og slett for mykje tid å følgja så mykje med at eg kan delta i diskusjonane. [mange-til-mange]

Webforum. Dette er den vonde tvillingbroren til Usenet, men dersom ein er interessert i eit litt smalt emne, er dette ofte den beste måten å koma i kontakt med andre som deler den interessa. Eg les ein del forum, alt etter kva som opptek meg, men eg er ikkje ein aktiv forumdebattant. [mange-til-mange].

Sosiale webforum. Eg har ikkje brukt Facebook eller MySpace.

Bloggar. Eg er overraska over meg sjølv, men eg liker faktisk bloggar no. Fyrst og fremst fordi RSS-protokollen gjer at eg kan lesa bloggar utan å gå inn på (stygge) nettsider, men bruka eit grensesnitt som minner om e-post. Eg bruker ein RSS-lesar som heiter NewsFire, men ein kan oppnå det same med diverse nettbaserte løysingar. Bloggar er lite eigna til diskusjon, men veleigna som talarstol.

Innsikta

torsdag, april 19th, 2007

No veit eg kvifor ein skal skriva ei hovudoppgåve før ein vert cand. philol.

Det er fordi nyutdanna historikarar skal vita at det ligg utruleg mykje smerte bak ei samanhengande framstilling på over hundre sider. Dei skal vita at det er tungt å syta for at ein ikkje motseier seg sjølv, får med alle relevante fakta og ikkje rotar seg bort.

Bookends er eit fint hjelpemiddel som held orden på referansane mine, og DevonTHINK er greitt til å systematisera store mengder kjeldeopplysningar, men det finst ikkje eit verktøy i verda som kan ta smerta vekk frå det å skriva.

(Det fine katalogiseringssystemet til DevonTHINK braut forresten saman i møte med norske samansette og bøyde ord, berre så det er sagt).

Tordenfuglen

torsdag, april 19th, 2007

Dei fleste veit det vel no, men Mozilla Thunderbird er altså ute i utgåve 2.0. Denne gongen på nynorsk òg, og det er jo ekstra stas.

Ålment sett er det slik at eg misliker dei fleste e-postprogram, men Thunderbird er det eg misliker minst. Det følgjer standardar, er rimeleg kjapt og taklar store e-postmapper (Apple Mail, til dømes, bryt nærast saman når det skal takla mapper med meir enn nokre tusen meldingar).

Akkurat som til Firefox er det ei rekkje programutvidingar ein kan installera. Eg greier meg med Enigmail, som legg til støtte for kryptering og signering med OpenPGP, og Nostalgy, som let meg flytta meldingar til mapper med eit par tastetrykk.

Den einaste som irriterer meg med Thunderbird 2.0 på Mac, er at det framleis har nokre quirks.

(1) det nyttar mykje Carbon-kode, noko som gjer at dei hendige tastebindingane frå Emacs (t.d. Ctrl-a/e for starten/slutten av linja) ikkje verkar (det gjer dei i Cocoa-program).

(2) Eg kan ikkje byta mellom opne vindauge med Eple+<, slik eg kan i andre program.

(3) Datoformatet er heilt avsindig, og eg får ikkje Thunderbird til å bruka formatet eg har definert for resten av OSX (ISO 8601).

Elles skreiv eg ein gong ei side om korleis eg har tilpassa TB. Mykje der er nyttig framleis. Men eg tør ikkje endra tastebindingane manuelt lenger, eg er redd det skal øydeleggja for noko, td. oppdateringar.

Meir om BBS-Noreg (II)

torsdag, april 12th, 2007

2007-03-22 skreiv eg:

Det hadde vore interessant om nokon hadde laga eit oversyn over korleis det gjekk med det mild sagt aparte BBS-miljøet rundt Bergen etter at Internet-hausten (nesten det same som atom-vinter) kom over det.

I påska har svensk-bergensaren Peter Sunde stått fram som talsmann for The Pirate Bay. Saman med broren dreiv han ein Amiga-BBS i Bergen, som vart lagt ned då dei flytte til Sverige (eg trur det må ha vore sumaren 1992 eller 1993).

Diverre kan eg ikkje hugsa kva BBSen heitte. Eg brukte ein del tid der, utan at eg hugsar noko meir av det, heller. Det var ein typisk “nattbase”, der BBS-maskina vart kopla til heimetelefon-linja om natta. Slike ordningar var vel fyrst og fremst aktuelle for ungar som ville driva eigen BBS, men ikkje hadde råd til ei eiga telefonlinje.

Skattejakta held fram.