Archive for the ‘Underhaldning’ Category
Rosande omtale
Eg skal vedgå at eg er gripen av den nye tida.
Det tyder at når eg les noko eg tykkjer er artig, plar eg dela det i Google Reader (RSS-feed du kan tinga). Eller mikroblogga/tvitra det, men eg er ikkje kjempeflink på den plattforma enno.
Difor har eg lyst til å gje litt rosande omtale av sykkelpostingane til Olav Torvund. Eg er, når høvet byr seg, entusiastisk transportsyklist, og eg elskar korleis Torvund forsvarar sykkelen i trafikken. Han gjer det på ein slik sjølvrettferdig, klart-eg-veit-best måte som gjer meg glad. Litt som det slagordet «Nynorsk som einaste riksmål», eller humanetikarane sitt «Don’t prey in my school, and I won’t think in your church». Kombinert med ein infam stråmannalesing av dei han kommenterer. Slik som her:
Eller mener en distriktsleder i Trygg Trafikk at folk er viktigere jo mer metall de frakter med seg når de skal forflytte seg? Mener en leder i Trygg Trafikk at det bare er rett og rimelig at folk med store og dyre biler forflytter seg raskt, mens folk som sykler er uviktige og bare har å passe seg?
Den verste dagen
Eg tykkjer 1. april er den veste dagen i året. Eg sit med aksla høgt heva, livredd for at nokon eg kjenner skal lura meg. Aprilspøk i nyhenda er hakket betre, men då eg såg innom nettavisene tykte eg det var mange saker som måtte vera aprilspøk, men som ville vore for ufine. Takka meg til dotter mi, som begreistra ropte «Ja! Prompepute!» då vi fortalte om aprilspøk.
Ei sak som eg ikkje greidde å verta klok på (trass openberre leietrådar som offisiell klage frå Island), er saka om at «Fairytale» skal vera identisk med ein gamal slått.
Bortsett frå at kvaliteten på opptaket er dårlegare enn eg hadde forventa frå 1936 (eg høyrer mykje på musikkinnspelingar frå 1930- og 40-åra, og lydkvaliteten overgår dette opptaket med god margin), verkar ikkje dette samanfallet alt for utruleg. Det er derimot eit fint høve til å reflektera over musikalske sitat, inspirasjon og plagiering.
Apropos: I går fekk Det nærmeste du kommer snurra på platespelaren, og vi snakka mykje om at dei har flytta tyngdepunktet i referansane sine nærare Joy Division og New Order, medan eg meinte å høyra Sisters of Mercy. Det siste krev nok litt godvilje.
Elles tykkjer eg det er litt pussig, men kanskje veldig ærleg, at dei tek bandbilete frå Møhlenpris og får det til å sjå ut som om det er frå England (eg greidde ikkje finna ut om BT ville meint at det var OK å bruka biletet her, så eg gjorde ikkje det). Så tenkte eg på at dei estetiserer drabantbyen (sjå Loddefjord-fotoa på MySpace) litt på same måten som Aftenposten-følgjetongen om Groruddalen.
Når sant skal seiast
Når sant skal seiast: Eg er utruleg samd i det Aslak Sira Myhre seier om moderne norsk langrenn.
I motsetnad til han er eg ikkje pasjonert tilhengjar av skisport. Det er slik naturleg at kritikken min ikkje er like råkande. Det er hovudgrunnen til at eg ikkje har framført han.
Scroogled på norsk
Eg har omsett novella Scroogled av Cory Doctorow til norsk. Ho stod på trykk i tidsskriftet Rødt! nr. 4/2008, og er sjølvsagt tilgjengeleg på nettet.
Leik

1. 321st Engineer Battalion (United States)
2. Supreme Court of the United States
Dette funkar utruleg bra. 321st spelar Shostakovich-kvartettar.
Piff …
OK. Eg har vore blodfan av Carl Hamilton-serien til Jan Guillou i mange år, heilt sidan eg oppdaga han på starten av 1990-talet. Eg har lese dei fleste minst to gonger (bortsett frå bøkene mellom Vendetta og Hevet over enhver mistanke, som eg berre har lese ein gong). Dei to bøkene om Erik Ponti, Ewa Johnsén og Pierre Tanguy er heller ikkje verst. Men ærleg tala, «la grande finale», som kom på norsk no i oktober (Men ikke hvis det gjelder din datter), er sikkeleg dårleg.
Og då meiner eg verkeleg dårleg, vurdert ut frå føresetnadene sine. Sjølv eg finn bokmeldingar i Dagbladet, Kulturspeilet og Haugesunds Avis som tydelegvis tykkjer det var ei bra bok.
Som sagt, eg likte Hamilton-bøkene, kanskje fordi eg kjende meg heime i dei. Ein ekte svensk maoist har lov til å slåst mot Sovjetunionen og Baader Meinhof, særleg når han samstundes stør Palestina og hatar Säpo. Og, ærleg tala, den siste boka i «Hamilton-suiten», Hevet over enhver mistanke, er strålande: Tett, mangetråda og i beste Doktoren mister en pasient-stil.
Men, rett skal vera rett. Bøkene er utdaterte no. For dei som ikkje hugsar korleis verda såg ut før 1995 (eller interesserer seg for det), framstår sikkert verdsbiletet som bøkene presenterer som framand. Ideane bak kan kanskje best oppsummerast som «Kva om Sverige, eit lite, nøytralt land i Norden hadde hatt spesialsoldatar og brukt dei rundt om i verda? Kva om denne spesialsoldaten hadde eit slags venstreradikalt samvit?»
I eit Noreg som driv krig i Afghanistan og der media skriv beundrande om spesialsoldatane våre, ramlar ei slik problemstilling litt saman.
I Tyvenes marked og Den indre fiende tok Guillou opp att ideen med politisk krimlitteratur. Eg vil nesten gå så langt som å seia at desse bøkene er enno meir politisk poengterte enn Hamilton-bøkene, og trioen Ponti-Johnsén-Tanguy er for så vidt underhaldande. Dersom ein leiter, er det mange artige kultursosiologiske poeng òg.
Men ikke hvis det gjelder din datter fugar altså saman desse to seriane (som tidlegare er bundne saman av Pontis vinkjellar, av alle ting), og nøstar opp alle trådane.
Det var verkeleg ikkje naudsynt å gjera det på denne måten.
- I dei to førre bøkene om Ponti/Tanguy var mat- og vinscenene forteljarteknisk viktige. I denne er dei for det første skildra nærast på ein matlei måte, men likevel er det nesten det einaste hovudpersonane gjer på. Dei et og drikk heile tida, same om dei er triste eller glade. Før har det verka som om forfattaren har fått vatn i munnen av å fortelja kva som vert ete og drukke.
- Det er ingen intrige i boka. Hovudplottet, at Nathalie Tanguy vert kidnappa og seinare redda av pappa Pierre og dei gamle våpenbrørne hans frå Framandlegionen, står oppsummert på baksida av boka. Dei to hundre første sidene går ut på å seia opp Ponti som journalist og få Hamilton heim til Sverige. Dei to hundre neste handlar det om å få Nathalie attende frå terroristane, i ei ganske fargelaus forteljing som handlar om etterretning-planlegging-handling.
- Det er sikkert rett at saudiane er skrukar. Men det openbert frå fyrste sida, nærast. Det er rett og slett ingen overraskingar i boka, ingen feilspor, ingenting.
Utan noko av det som har gjort bøkene lesverdige før, skin det enno meir gjennom at Guillou ikkje meistrar å skildra kjensleliv og personleg dramatikk. Det er litt dumt, sidan det openbert var det han hadde tenkt å skriva ei bok om.
Oppsummering: Men ikke hvis det gjelder din datter er veldig dårleg.
På settet
No har altså far og dotter vore statistar. Me la varer på bandet i Ica-kassa i ein serie som vel kjem på NRK etter kvart. Heldigvis greidde me å spela inn dei ca. fem sekunda før det var gått ein time, og tolmodigheita til den yngste statisten var brukt heilt opp.
Eg har aldri vore statist før, og eg var imponert: dei som arbeidde med produksjonen var utruleg flinke. Dei greidde å instruera eit tjuetals statistar heilt utan roping og skriking, og sjølve opptaket var så naturleg at det nesten vart eit antiklimaks.
Inspirert denne opplevinga måtte eg sjølvsagt sjå på bakomfilmane til NRK-serien Kodenavn Hunter 2. Eg gler meg, men ikkje fordi Hunter 1 var så enormt bra (berre sånn middels). Eg gler meg fordi det er artig å sjå norsk TV-krim som er med stort scope og litt sjølvtillit. Og det hjelper å vita at dei som lagar slikt er folk som er veldig trivelege sjølv med uvesentlege statistar.
PS: Serien der me medverka var nok av noko mindre format …
Nye tider
Etter å kjapt ha lese gjennom haustlista til Samlaget, er det klart at dei ikkje har tenkt å gje ut Little Brother i år.
Eg trur at tidene har forandra seg. Hypen (eller kva du no kallar det) rundt boka er no, ikkje til neste år. Alle som har lese om boka på nettet, eller, for den del, lese sjølve boka der, vil jo ha henne no! Dei finn henne på engelsk hjå SF-pusharen sin, så då kjem dei til å kjøpa den engelske utgåva. Eg vart så glad då Samlaget viste seg å ha dei norske rettane, for eg såg føre meg at dei hadde fått inn noko som var litt i forkant. No har dei skusla bort den sjansen.
Fysj! Bokmarknaden er liksom global no om dagen, og med mindre eg skal ha noko som står i bokhylla på Narvesen eller berre finst på norsk, så er det jo nesten greiare å tinga på Amazon enn å organisera seg ein tur i bokhandelen.
Little Brother
Etter det eg les på bloggen til Eirik Newth skal Samlaget gje ut Little Brother av Cory Doctorow på norsk. Dei har iallfall rettane til det.
Det er utruleg kult.
Det er altså ei slags ungdomsbok i «post-cyberpunk-SF»-tradisjonen om ungdom som bruker teknologi til å slå attende mot staten og overvakingssamfunnet. Dessutan er skjønnlitteraturen til Doctorow om lag like politisk som 1970-talsbøkene til Dag Solstad. Doctorow er kanskje aller mest kjend som EFF-aktivist og ein av lykelpersonane bak Boing Boing-bloggen.
Hurra.
Anakronismar
Noko av det artigaste med filmar der handlinga er lagt nokre år tilbake i tid, er at de samtidig ber så tydeleg merke av den perioden dei er laga i. Då NRK sende dramaserien Nord og Sør frå den amerikanske borgarkrigen for eit par år sidan, gledde eg meg stort til eit gjensyn med barndomshelten Orry Main. Det einaste eg greidde å tenkja på var korleis kjolar, frisyrar og innreiing såg så 80-tals ut.
Lærdom: Det er utruleg vanskeleg å unngå slike anakronismar, for det er vanskeleg å sjå alt som er tidstypisk for vår eiga tid. Motivasjon for dette innlegget: Mark Simonson har gjort ein glimrande analyse av skrifttypane på karta i Indiana Jones-filmane.
Som eit apropos, Peter Englund om korleis tiåra set merke på oss sjølve.
Genom att studera människors yttre kan man ofta ana vilken period i deras liv som var den lyckligaste. (Människor över en viss ålder, vill säga.) Man kan nämligen se detaljer i klädsel eller frisyr som var populära just under den tiden, och som de sedan dess hållit fast vid.

