Strøtankar: Tarjei Vågstøl

Archive for the ‘Underhaldning’ Category

The Wire

with 6 comments

I huslyden nytta me påska (av fleire grunnar vart det ufrivillig hyttepåske heime i stova vår) til å arbeida oss gjennom sesong ein av The Wire. For meg var dette andre gongen (no med norske undertekstar).

Nokre punkt til oppsummeringa:

- Språket er ikkje uforståeleg. Eg fekk tak i nokre fleire poeng med tekstinga, men det var ikkje så mykje eg hadde gått glipp av. Nokre setningar her og der, sjølvsagt, men likevel.

- Litteraturvitarar greier tydelegvis å gissa 95 prosent av handlinga på førehand.

- Kor «realistisk» er serien? Korleis kan ein måla det? Fyrste gong eg såg sesongen, var eg heilt overtydd om at dette var kjemperealistisk. No ser eg at eg vart «lurt»: filminga og klippinga bryt med vanlege TV-serier, og, ja, alle karakterane er «grå». Men dei er likevel utprega arketypar (som sagt, litteraturvitaren har allereie funne ut korleis kjem til å gå med dei aller fleste i serien).

Written by tarjei

mars 24th, 2008 at 12:16 p.m.

Posted in Underhaldning

Det motsette av Numb3rs …

without comments

… er kanskje serien The Wire (som er framifrå, dersom ein kan takla så mykje pessimisme).

Meir nærliggjande er det kanskje å sjå alle dei filmane, teikneseriane og bøkene der vitskapsfolk er framstelte som galningar. Her er eit artig oversyn eg kom over: Mad about scientists.

Når det gjeld humaniora og samfunnsfag, er det vanskelegare å verta populærkultur-helt (eller skurk). Vel, Jack Ryan (kjend frå bøkene til Tom Clancy) er vel historikar, og så er det ein og annan arkeolog (Stargate, og ikkje minst Indiana Jones). Når kjem lingvisten som løyser mordgåter? Hæ?

Written by tarjei

juli 19th, 2007 at 2:55 p.m.

Posted in Underhaldning

Numb3rs

with 3 comments

I vår har TV2 byrja å senda TV-serien Numbers (eller
Numb3rs). Det er ikkje ein strålande god serie, men han har
nokre sider som gjer han ganske unik.

På yta er det ein vanleg kriminalserie. Don Epps arbeider som
FBI-etterforskar i Los Angeles, og må løysa ei lang rekkje av drap,
kidnappingar, narkobrotsverk og terroriståtak. Hovudpersonen er i
serien er likevel Charlie Epps, broren til Don. Han er ein ung
professor i matematikk på «Calsci» (ei fantasiutgåve av Caltech), og
saman med yrkesbrørne Amita og Larry hjelper han Don å løysa
sakene. Kvar gong FBI står fast i ei sak, lagar Charlie ein matematisk
modell som kan setja dei på sporet att.

Utan denne gimmicken hadde serien vore ganske
uinteressant. Forteljarteknisk er serien ganske langt unna nyskapingar
som Lost og 24, og karakterane er òg vesentleg mindre
interessante enn i NYPD Blue, eller til og med CSI
(personane vert utvikla i nokre biforteljingar, men desse er teikna
med så brei pensel at det nesten gjer vondt å sjå på). Eigentleg er
temaet, «matematikkprofessor løyser kriminalitet», som er
Numbers.

Matematikken er fyrst og fremst synsvinkelen. Der CSI handlar
om å finna spor, handlar Numbers om å tolka spora ved hjelp av
matematikk. I ein episode står Don og Charlie andsynes ei
trafikkulukke, der ei ung kvinne er overkøyrd. I CSI ville
rettsmedisinaren sett på skadene, og sagt at «desse er for høge, ho må
ha stått i ro då bilen køyrde på henne», seier Charlie at «hælen
teiknar ein slik og slik bane når ein går, og ut frå denne modellen
ser me at ho må ha stått i ro medan bilen akselererte over henne». Eit
anna døme er der etterforskarane står andsynes ei lang liste med
mistenkte. Der CSI «køyrer lista gjennom datamaskina» og finn eit
svar, seier Charlie «dette løyser me med nettverksanalyse», og
reknar seg fram til kven som er mistenkt. I mange tilfelle er
det mogleg å tenkja seg at CSI og Numbers kunne løyst same saka, på
same måten, men forteljinga hadde likevel vore heilt
annleis. Bodskapen i Numbers er at matematikk er eit nyttig fag, eller
som det heitte i opninga for sesong 1 og 2: «We all use math, every
day».

Vona er kanskje at matematikk skal verta like populært som
åstadsgransking har vorte. The Matemathical
Association of America
(MAA) har omfamna serien, og det er laga
eit opplegg der ein kan bruka han som støtte for matematikkundervising
på vidaregåande.

Når det gjeld den faktiske matematikken, er eg diverre ikkje i stand
til å vurdera kor realistisk han er. Etter det eg har lese meg til,
har dei brukt gode konsulentar, og alle likningane som flyg over
skjermen skal vera rette. Det er openbert at Charlie er spesialist på
(for) mange felt og lagar avanserte modellar nærast som ein
apropos. Men slikt kan ein godta i fiksjonen (i nesten all
populærlitteratur har hovudpersonane fleire roller enn «realistisk»). Eg var òg
overraska over ein episode som handla om kampsporten Mixed Martial
Arts (ein av dei få idrettane eg finn glede i å følgja på
skjermen), der problemstillingane var uvanleg intelligente. Eg lurer
på om det gjeld for andre spørsmål dei tek opp.

Eit problem med serien er at det kanskje ikkje er veldig mange måtar
matematikk kan løysa kriminalitet på, så det vert ein del
resirkulering av løysingar (veldig mykje «nettverksanalyse», heldigvis
driv Amita med kombinatorikk). Det er likevel ei stund til dei nærmar
seg nivået i CSI («ha, me fann eit frø frå ein busk som berre veks der
og der») eller 24 (der Jack Bauer på keisameleg vis torturerer seg
fram til løysinga).

Oppdatering (2007-07-04):

Written by tarjei

juli 2nd, 2007 at 10:10 a.m.

Posted in Underhaldning

Sanningsord

with 2 comments

Alle dei som likte Mordet på Adder, bør oppsøkja Krematoriet. Verkeleg. Om ikkje anna, så kan du få stadfesta at eg har ekstremt lågpanna humor.

Det bitraste er at eg ikkje har greidd å finna att Mordet på Adder på nettet. Det provar berre at sirkulasjon i BBS-Noreg på starten av 1990-talet ikkje kan reknast som «publisering».[1]

Noko seier meg at eg kjem til å elska Kill Buljo.

[1] Nokre prøvde seg med «EOT». Den forkortinga fekk aldri heilt fotfeste. Det hadde vore interessant om nokon hadde laga eit oversyn over korleis det gjekk med det mild sagt aparte BBS-miljøet rundt Bergen etter at Internet-hausten (nesten det same som atom-vinter) kom over det. Lars-Toralf Storstand er til dømes å finna på bloggen Målmannen, som til forveksling liknar på BBSen «Lion of Zion» (berre at språket no er eit slags heimelaga høgnorsk).

Written by tarjei

mars 22nd, 2007 at 2:51 p.m.

Posted in Underhaldning

24-spelet

without comments

Då eg budde i Kairo, var det ein TV-kanal som køyrte «24-maraton»: To episodar kvar dag. Etter ein sesong oppdaga eg at det tok fullstendig kontroll over livet mitt å følgja med, så etter dess har eg ikkje sett på serien i det heile (sjølv ikkje i det meir moderate ein-time-i-veka tempoet som dei norske kanalane legg opp til).

Ein annan grunn til at eg slutta å sjå må, var at eg vart intellektuelt fornærma. Alt kunne løysast ved tortur, og torturen verka alltid, gjerne på nokre minutt. Etter kvart byrja eg å omtala 24 som «serien der Jack Bauer torturerer seg frå mistenkt til mistenkt».

Uansett, eg kom over dette spelet. Ut frå dei same reglane kan ein sikkert laga liknande spel for andre dumme seriar òg.

(Eg byrjar å innsjå at eg kanskje burde døypa om Krigsspel-kategorien min til «spel», eller noko).

Written by tarjei

februar 27th, 2007 at 11:30 a.m.

Last fm

without comments

Etter ei lang historie byrja eg å bruka last.fm i fjor haust. Dersom du ikkje les denne bloggen gjennom ein RSS-feed, kan du sjå kva artistar eg høyrde på i førre veke øvst i venstrespalta (er du litt web2.0, finst det faktisk ein feed slik at du kan følgja med på kva eg høyrer på).

Elles slit eg med å få last.fm til å skjøna at eg ikkje bur i eit blackmetal-nabolag. Då eg byrja å fylla på med songar i fjor, høyrde eg ein del på svartmetall, men no er det faktisk slik at generelt sett har eg ikkje mykje musikalsk sams med td. ihataron og kokkomaskin. Diverre, kanskje.

Written by tarjei

februar 21st, 2007 at 1:11 p.m.

TV-slaveri

without comments

AneDahlTorp(Gisela).jpgDet er utruleg kor mykje fjernsyn ein får sett når ein er heime med eit lite barn. I vinter har eg faktisk følgt heile den norske serien «Kodenavn Hunter«. No, når siste episoden er slutt, tykkjer eg difor at det er på sin plass (les: legitimt) å kommentera serien. Read the rest of this entry »

Written by tarjei

februar 9th, 2007 at 4:15 p.m.

Posted in Underhaldning