Data-dill

Råd, tips og vink - om datamaskiner. Dette er slikt som eg skreiv ned fordi det verka. På eige ansvar kan du prøva om det verkar for deg òg.

Delen om Mozilla Thunderbird er flytt til ei eiga side.

Mail.app

Her er ei hugseliste for korleis ein kan gjera Mail.app betre

  • Dersom du vil vera litt sikrare på at Mail ikkje brått finn på å koda e-posten din med eit eller anna sært teiknsett (til dømes MacRoman), kan du skriva følgjande i Terminal (merk: Mail.app må ikkje vera ope):
    defaults write com.apple.mail NSPreferredMailCharset "ISO-8859-1"
  • For å fiksa “attribution line” i Mail, må du ty til eit temmeleg grovt hack. Eg føretrekk å endra den nemnde linja slik:
    "REPLY_ATTRIBUTION" = "* %3$@, %1$@ %2$@:\n";

Tastaturutlegg

Dersom du skriv ein del programkode eller bruker shell-et mykje, er det sannsynleg at du trivst betre med amerikansk QWERTY enn norsk QWERTY. Det gjer eg, men eg har samtidig endra det litt for å gjera det lett å skriva norske teikn, og retta opp ein del andre openberre feilar.

øØ, æÆ og åÅ ligg på same staden som dei gjer på norsk tastatur, men du må trykkja Alt for å få dei fram. Tasten mellom venstre shift og z er daudtast for akutt og gravis. Ein del anna er ikkje dokumentert, men det kjem.

Last ned denne fila og legg henne i mappa ~/Library/Keyboard Layouts . Logg ut og inn for å aktivisera utlegget. Send meg gjerne ein e-post om du forbetrar det.

Dvorak

Eg vert ofte freista av ting som ser ut til å vera godt vitskapleg fundert. Sidan eg for det meste skriv norsk tekst no om dagen, tenkte eg det var mykje å henta i å gå over til Dvorak-tastaturet.

Etter om lag eit halvt år med slike eksperiment, ser det ut til at eg har gjeve opp. Det er heilt sant at eg kan skriva med vesentleg mindre fingergym enn med QWERTY, men innlæringa tek for lang tid til at eg ser den heilt store nytta. Eg har framleis stor sympati for tanken bak Dvorak, men eg trur altså ikkje det er noko for meg.

Her er nokre sider som evangeliserer for Dvorak: