Eg har enno til gode å finna eit e-postprogram eg er godt nøgd med. Eg har konkludert med at Mozilla Thunderbird er det som irriterer meg minst. (2009: No har eg brukt Thunderbird jamsides med Gmail i fleire år. Eg ser liten grunn til å kåra ein vinnar. Båe delar er veldig bra).
Dersom ein endrar nokre standardinnstillingar, vert det enno mindre irriterande.
For å styra tekstbrytinga i Mail/News: legg dette i chrome/userContent.css-fila di:
.moz-text-flowed {
max-width: 80ch !important
}
.moz-text-html {
max-width: 30em !important
}
Slik fekk eg Netscape til å bruka Emacs keybindings
Tilsvarslinja
Tilsvarslinja (“attribution line”, tekstlinja som presenterer eit sitat i Thunderbird) er litt krøkke å stella inn. Ein må nemleg redigera nokre innstellingar som ikkje er lett tilgjengelege frå oppsettsvindauga. Du finn dei i fila fila prefs.js i profil-mappa di (lukk Thunderbird medan du redigerer fila). Du kan velja “Konfigurasjonseditor” under “Avansert” i oppsett-vindauga og redigera innstillingane direkte der.
Me er interesserte i dei innstellingane som byrjar med mailnews.reply_header_. Hjå meg ser dei slik ut:
user_pref("mailnews.reply_header_authorwrote", "* %s");
user_pref("mailnews.reply_header_colon", "):");
user_pref("mailnews.reply_header_ondate", "(%s");
user_pref("mailnews.reply_header_separator", " ");
user_pref("mailnews.reply_header_type", 3);
Det gjev ei linje som ser slik ut:
* Hans Hansen (2006-09-06 23:43):
Denne linja er bygt opp av fire tekststrengar (authorwrote, seperator, ondate, colon) i rekkjefølgja som mailnews.reply_header_type styrer. Oversyn over innstellingane:
| mailnews.reply_header_type | rekkjefølgje på elementa i tilsvarslinja |
|---|---|
| 1 | authorwrote, colon |
| 2 | ondate, seperator, authorwrote, colon |
| 3 | authorwrote, seperator, ondate, colon |
Desse fire elementa er reine tekststrengar, men for authorwrote og ondate byter Thunderbird ut “%s” med forfattar og tid/dato for meldinga du svarar på. locale kan ein stort sett droppa, slik at Thunderbird bruker “system locale”. Dersom ein vil ha datoar som følgjer NS-ISO 8601, kan ein setja locale til en_DK under Linux. Under Mac OSX og Windows er det nok best å berre endra systeminnstellingane (sjølv om OSX ser ut til å ha problem med å hugsa denne innstellinga).