Denne artikkelen var (er?) lenkja til på nynorsk Wikipedia, så ho får leva ei stund til.

Målstriden som romantikk

Om Gustav Indrebø (publisert i Motmæle 34).

Kven var den unge, pene og bistre mannen som gjerne vert nytta for å illustrera målrørsla på 30-talet?

Indrebø var arkitekten bak mållova, arbeidde fram den fyrste Bibelen på nynorsk og sette djupe spor etter seg som historikar, filolog, stadnamngranskar og målideolog. Det kom gjerne saklege akademiske avhandlingar frå den eine handa hans og samstundes kvass polemikk frå hi. I mange av dei ideologiske strid­ane og diskusjonane i målrørsla heilt opp til i dag, har Indrebø sitt språksyn vore ein viktig ingrediens. Grunnen til dette er at Indrebø prøvde å definera nettopp kva som var sjølve kjerna i målresinga og truleg ogso at Indrebø er ein klår og lett tilgjengeleg ideolog.

Fjording, stril og Oslogut

Gustav Indrebø var fødd i 1889 i Samnanger i Midt-Hordland. Foreldra hans var lærarar, og huslyden flytte til Jølster i Sunnfjord då Gustav var to år gamal, og so til Maridalen i Vestre Aker (no ein del av Oslo) i 1901. Han sa sjølv at han var «både fjording og stril».

Gustav Indrebø lærte å skriva dansk-norsk på skulen. Han tok artium som privatist i 1908 på skulen Hauges Minde i Oslo. Det var eit målmiljø på skulen, men Indrebø var ikkje med der. Etter artium gjekk han lærarskulen og arbeidde nokre år som lærar. Han byrja so å studera ved Universitetet, og tok hovudfag i historie. Det var fyrst i studietida han bytte til nynorsk. Han kom med i Studentmållaget, der han var leiar i 1917. I åra 1921–1930 var han dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo, og frå 1930 professor i vestnorsk målførevitskap ved Bergen Museum. Han døydde brått av sjukdom i 1942.

Stadnamn og språkhistorie

Som vitskapsmann er Indrebø mest kjend for boka Norsk Målsoga. Ho kom ut i 1951, og skildrar norsk mål frå urnordisk til nynorsk. Boka handlar om språket, men ho skildrar òg dei politiske og historiske faktorane som har vore med på å forma språkutviklinga – frå vokster (mellomalderen) gjennom fall (dansketida) til atterreising (Ivar Aasen og nynorsken).

Elles markerte han seg som stadnamngranskar. Han vart stadnamnkonsulent for staten, og skreiv doktoravhandlinga si om stadnamn. Det var òg som stadnamnkonsulent han kom opp i den fyrste store striden sin for norsk mål, om landsnamnet Noreg mot Norge.

Gustav Indrebø såg spørsmålet om namneverket i nært samband med målsaka. Sjølv om ein skulle retta seg etter den lokale uttalen på staden, skulle stadnamna òg normerast etter nynorsk rettskriving. Når eit namn kom på kartet, var det ikkje lenger eiga til lokalsamfunnet, men heile nasjonen sitt.

Bibel og rettskrivingsstrid

Indrebø sat som leiar for Det Norske Samlaget mellom 1923 og 1929, og sytte for eit jamt høgt tal på bokutgjevingar og løyvingar frå staten. Han stelte elles mykje med å få norsken inn i kyrkja, og hjelpte til med både Norsk Salmebok og den fyrste nynorske bibelen. Dette er ikkje den kjende «Indrebø-bibelen», den har namn etter bror hans, presten Ragnvald Indrebø.

Han vart vald inn i styret i Noregs Mållag i 1928, og sat som leiar i to år. Han heldt fram i styret der so lenge han levde. Då han kom inn i landsleiinga for målrørsla, meinte han at den strategiske utfordringa var å få staten til å ta i bruk nynorsken. Han vona nok at nynorsk skulle verta einaste riksmål i levetida si. Indrebø var ein av arkitektane for mållova som kom i 1930. Lova slo fast at statstenestemenn kunne påleggjast å skriva nynorsk, og han ivra sterkt for at lova skulle fylgjast. I 1933 vart Indrebø dregen for retten for å ha kalla to høgre tenestemenn i Bergen for «ein skam for standet sitt» av di dei ikkje ville nytte nynorsk i tenesta. Indrebø vart dømt til å betala 600 kr i bot og 700 kr i sakskostnader, men i augo til ålmenta og målfolk var det han som vann saka.

Den neste store saka dreidde seg om nynorsknormalen. Rettskrivingsendringa i 1938 var dramatisk. Dei fleste i målrørsla meinte at nynorsken var god nok slik han var, medan andre, mange av desse var målfolk i statsstyringa og Arbeidarpartiet, meinte at nynorsken måtte endrast meir i retning «folkemålet», og ynskte å løysa målstriden med samnorsk. Medan målrørsla stod samla kring arbeidet for å vinna fram med nynorsken i skulen og det offentlege, var dette ei sak som kløyvde rørsla.

Målsaka frå nasjonal synsstad

For Gustav Indrebø var målstriden fyrst og fremst ein nasjonal strid. Då han skulle tala om Målsaki frå social synsstad, presiserte han at «når eg skal tala um det sociale ved målsaki, vil eg fyrst gå ved, at for meg personleg er det den nasjonale sida som hev mest å seia». Det grunnlaget Aasen hadde bygt nynorsken på, stod framleis støtt. 90 prosent av folket snakka norske målføre, og med typeform-prinsippet vart alle målføra godt representerte i nynorsken. Dei som ynskte ein meir talemålsnær nynorsk, ynskte i røynda at sør-austnorske målføre skulle få dominera. «Nettupp her syner Ivar Aasen seg stor. I hans måltanke er det ein høgreist demokratisk djervskap. Han våga å taka umsyn ogso til dei som bur avsides og spreidd», skreiv Indrebø.

For Indrebø låg den norske viljen til grunn, ein kjærleik til «fedrandelandet» og ein vilje til å bera fram sitt eige. Han går ved at dette kan kallast romantikk, men «romantikk er ein god ting. Det er ein livsfremjar og ei kraftkjelde, når me tek det rett.» Han tykte denne sjølvhevdingsviljen var positiv: «Difor vil han [ny-norsken] verta til ei ålmen åndeleg og språkleg frigjering, og kan gjeva ei rikare bløming for heile åndslivet og kulturlivet hjå folket vårt.» Denne idéen vona han ville vinna fram hjå Arbeidarpartiet òg: «Det norske arbeidarpartiet kann ikkje på lengdi, meir enn t.d. arbeidarpartii i Danmark og Sverike, umbera den styrkjing og rikdom som eit nasjonalt feste og positiv nasjonal-kulturell innstilling gjev (‘nasjonal’ her teke i byggjande, human tyding, og ikkje i ‘nasjonalistisk’, ‘sjåvinistisk’)».

Indrebø la òg mykje vekt på at målsaka ville gagna folk. «For dersom målreisingi var utan samfunds-verd og demokratisk verd, skulde det mykje til at ho i sanning kunne ha noko nasjonalt verd òg.» Han la fram argument for at nynorsken ville fremja folkeopplysing sidan folk ville koma nærare målet, klassereising sidan arbeidarklassen snakka norsk og åndeleg vokster – den store norske salmeproduksjonen var eit prov på det.

Likevel, meinte Indrebø, stod striden om kva som skulle vera riksmålet i landet, norsk eller dansk-norsk. Arbeidet til Aasen var eit norsk mål, og difor ville ein kvar konsesjon til «nystavarane» (samnorsklina) vera eit steg attende.

Skræmebilete og førebilete

Gustav Indrebø tapte kampen om 1938-rettskrivinga. Han heldt likevel fram med målarbeidet til det siste. Då krigen kom, gjekk det hardt ut over det organiserte målarbeidet, og då nazistane ville leggja Noregs Mållag inn under kulturdepartementet, neitta styret og la ned verva sine. For Indrebø kom det ikkje på tale å samarbeida med nazistane. Dei ynskte han inn i nemnda for å laga ei ny rettskriving, men Indrebø neitta. Politisk diktatur og okkupasjon baud han meir imot enn «kulturelt diktatur» og samnorsk.

Trass i at han var ein kvass polemikar med mange fiendar, hadde den handlekraftige målideologen Gustav Indrebø ein nærast unik posisjon i målrørsla. Seinare har nye generasjonar målfolk gått fleire rundar i striden mellom «folkeleg» og «nasjonalt», «Indrebø- rettskriving» og «samnorsknormal». Indrebø har blitt henta fram att – anten som skræmebilete eller som målpolitisk tenkjar.

Kjelder