Nasjonal og nasjonal
Kommentar til debatten kring Brennbart (Kjartan Fløgstad, 2005). Prenta i Mål og Makt 127, 1-2005.
Samrøra mellom riksmålsrørsla og nazi-styret overraskar ikkje.
Les ein osloavisene, ser det ut som om det einaste spørsmålet som kan stillast om nynorsk, er om det framleis skal vera nynorsk sidemål (i Oslo). I fjor haust skreiv Kjartan Fløgstad ei lita bok, Brennbart, som braut denne muren. I debatten som følgde, fekk målrørsla meir spalteplass enn på lenge, me var på offensiven og dei fleste vil nok meina at me vann debatten.
For å rekapituelera kort: I bandet sitt av Norsk idéhistorie kjem Hans Fredrik Dahl med ei rekkje påstandar som impliserer at målrørsla hadde eit ideologisk samrøre med nazistane før og under krigen, og at dette er årsaka til at det gjekk dårleg med nynorsken etter krigen. Med Brennbart syner Fløgstad at det ikkje var slik, og at Dahl ikkje har historia på si side: Oppslutnaden om Nasjonal Samling var minimal i dei områda der nynorsken stod sterkt, og medan Noregs Mållag la ned arbeidet etter at organisasjonen vart freista nazifisert i 1942, samarbeidde Riksmålsforbundet med nazistane for å få oppheva 1938-rettskrivinga. Med andre ord, Fløgstad synte at det som var tenkt verta «standardverket» om norsk idéhistorie beint fram lyg om målrørsla.
Brunskvettinga
For meg som målmann var det godt å sjå at nokon endeleg tok att. Kor ofte har me ikkje fått høyra at det «luktar vondt» å snakka om å ta vare på norsk språk? At det er «brunt» å stø prinsippet om nasjonal sjølvråderett? Det hjelper visst ikkje at landsstyret i Norsk Målungdom kvart år sender ei helsingsfråsegn til Sametinget på den samiske nasjonaldagen, eller at Lærarmållaget har arbeidd hardt for at innvandrarar skal ha rett på morsmålsopplæring i skulen: Dersom målrørsla skulle vera så frekk å hevda at nynorsk er norskare enn bokmål, er det som om folk høyrer Horst Wessel i bakgrunnen og får hallusinasjonar om hird i hanemarsj. Er Brennbart, i hendig lommeformat (praktisk når du står på stand?), nok til få folk til å halda opp med dette tullet, ein gong for alle?
Debatten etter boka kan gje ein peikepinn. Ein annan som fekk gjennomgå, var Lars Roar Langslet, som har skrive hundreårssoga til riksmålsrørsla. Dahl hadde nytta denne boka som kjelde for å ymta om at Riksmålsforbundet var meir mot nazistane enn Noregs Mållag. Diverre hadde Langslet lese protokollen til Oslo Riksmålsforening feil, så feil at han ikkje hadde fått med seg at dei vedtok å samarbeida med Quisling. Då dette vart avslørt, gjorde Langslet det einaste rette: Han la seg flat, og vedgjekk dårleg handverk («Min feil, Fløgstad»!).
I danna lag er det ei ærleg sak å tapa, dersom du er ein god tapar. Dahl såg tydelegvis ingen grunn til å leggja seg flat. Han flira seg gjennom ordskifta, skulda Fløgstad for vranglesing og freista å få spørsmålet til å vera «om målfolk kunne verta nazistar». Aschehoug karakteriserte Brennbart som eit korstog frå Gyldendal, og sa at Dahl nok hadde skrive somt for «å more seg sjølv». Slikt kan ein ikkje ta alvorleg. I tida som følgde, kunne me kvar veke lesa i avisene (særleg Dag og Tid) om leiande målfolk som hadde stridd mot nazi-styret. Så: om Dahl og forlaget hans ikkje skjøna at dei hadde tapt, skjøna nok dei fleste andre det.
Difor var det forunderleg å sjå Nik Brandal (mest kjend frå Kaderprosjektet, eit prosjekt for å få fram «paradokser, komiske og tragiske ting» frå ml-historia) dukka opp med eit innlegg i avisa Klassekampen der han lagt på veg framfører eit poeng som me skulle trudd at Fløgstad sin bok hadde gjort umogleg: At det er ein samanheng mellom ynsket om eit «reint språk» og eit «reint folk» – at eit puristisk målsyn skal hanga saman med nazisme. Det hadde ikkje vore noko gale i å seia som Olav Randen seinare skreiv i Dag og Tid: «Ingen er immune mot nazismen» – ei nyttig åtvaring mot å lesa for mykje ut or Brennbart. Det var ikkje det Brandal gjorde. Han argumenterte framleis ut frå premissen om at nasjonal målideologi var i slekt med nazismen. Olaf Almenningen skriv (KK 30.11.04): Dertil lever det ei uklår førestelling blant mange yngre – også radikale krefter – om at «nasjonalt» er det same som «nasjonalistisk» og imperialistisk. Ergo er dei som forsvarer heimlege tradisjonar og ytringsformer og vil ha desse tonane med jamsides mange andre i det internasjonale koret, gjerne omtala som bakstrevarar og sjåvinistar. Blant desse var altså Brandal.
Nazismen
Fløgstad gjev få argument for kvifor målrørsla ikkje var (eller er) i slekt med nazismen. Det er ikkje hovudpoenget hans – hovudpoenget er at korkje nynorskbrukarar eller målrørsla hadde særleg mange nazistar, og at det interessante spørsmålet vert kvifor ikkje. Men: Myten som Dahl og andre byggjer mistankane sine på, er eigentleg ein annan. Det er at det var eit idéhistorisk samanfall mellom målrørsla og nazistane.
Det er ikkje lenger slik at Krigen og landssvikoppgjerda er alt me treng for å skilja mellom «gode» og «vonde» nordmenn. Ein ting er at det er påvist korleis landssvikdomane var ganske vilkårlege og ymsande. Ei anna sak er at det knappast er dei som er dei mest interessante i ein idéhistorisk debatt. Det er ikkje trugsmålet frå eventuelle patologiske femtekolonistar i fall ein framand okkupasjon som er viktigast å læra å kjenna. Eg vil hevda det er langt meir interessant å sjå korleis det er mogleg å gli frå konservatisme og marknadsliberalisme og over i autoritær, einsrettande og anti-demokratisk retning. To biografiar som er gjeve ut på Aschehoug dei siste åra, kan tena til å illustrera dette. I både Fri mann (Ivo de Figueiredo, 2002) og Det ariske idol (Terje Emberland og Bernt Roughtvedt, 2004) møter me framståande nazistar i mellomkrigstida (Johan B. Hjort og Per Imerslund) – på mange måtar meir reindyrka og ekstreme enn Quisling sjølv – som av ulike grunnar kom i opposisjon til Quisling og enda opp med å støtta den norske motstandsrørsla (jamvel om forfattarane av siste boka kan henda trekkjer denne konklusjonen på noko tunt grunnlag). At ikkje alle nazistar støtta Quisling og NS, talar sjølvsagt korkje til fordel for nazismen eller Quisling. Men det er nyttig informasjon dersom me skal læra noko av historia.
Ideologien i målrørsla.
Fløgstad går ikkje inn i dette ordskiftet. I det heile unnlèt han å gå inn på ideologien i målrørsla. I introduksjonen (s. 14–16) skriv han som om nynorsken, etter Aasen, spreidde seg ut til store delar av landet og stod for verdiar av eiga kraft. Eg mistenkjer han ikkje for å gløyma målrørsla, men litt seinare (s. 34) skriv han «historisk sett er det i alle fall ei grunnleggjande innsikt at folkemål og folkestyre heng tett saman». Det kan det vera lett å slutta seg til i dag, særleg om me byter ut folkemål med nynorsk. Likevel kan me spørja oss om dette er slik målfolk på 1920- og 30-talet ville sett på seg sjølve. Ville dei vore samde i at dei stridde for folkemål? Slett ikkje alle.
Det er ikkje å koma frå at for mange målfolk gjennom tidene har dei stridd for nynorsk av di dei tykte det var rett at me skulle ha eit norsk mål i Noreg. At det er hjå folk flest, og ikkje hjå overklassen dette målet har levd, har vore meir eller mindre viktig for dei. Det ligg ikkje noko suspekt i dette. Det er ikkje noko gale i å vilja taka vare på norske kulturuttrykk, og når sentralkulturen helst held seg med eit kolonimål, er det bra at det dannar seg ei folkerørsle for det. Så kan me, seinare, historisk oppsummera at denne rørsla har vore berarar av verdiar for demokrati og folkeopplysing. Fløgstad skriv ikkje noko som skulle tyda på at han er usamd i dette, men det er viktig å seia høgt at det å stri for nasjonale kulturuttrykk, eller for nasjonal politisk sjølvråderett, ikkje er noko ein treng uroa seg for. Det er i seg sjølv demokratisk, og i Noreg er det særleg tett knytt til tanken om folkestyre, representasjon – og, kunne eg leggja til, i dei siste åra òg ein kamp for språkleg mangfald og vern om minoritetsmål.
Fløgstad har ikkje skrive ei bok for å drøfta moglege, hypotetiske, konsekvensar av målretorikken på 1930-talet. Åtaket hans på Dahl og Langslet er berre eit kjapt forsvar mot slurv og tøys, før han kjem til hovudpoenget, som diverre ikkje har fått same mediemerksemda: at det er riksmålsrørsla som står i ein anti-demokratisk tradisjon, og at det går ei ideologisk line frå deira samarbeid med nazi-styret til åtaka på sidemål i Oslo i dag.