Replikk til kva?
Bladmelding av studenttidsskriftet Replikk (publisert i Mål og Makt 4-1998).
Ein ventar at eit tidsskrift som heiter Replikk har noko å tilføya. Kva brukar hovudfags-studentane ved Universitetet i Bergen bladet sitt til? Seier dei noko som ikkje like gjerne kunne vore sagt på eit oppgåveseminar?
Hovudfagsstudentane på HF- og SV-faktulteta ved Universitetet i Bergen gjev ut eit tidsskift som heiter Replikk som kjem ut ein gong i semesteret. Føremålet deira, som ein kan lesa om på side to, er å vera ein tumleplass for hovudfagsstudentar, ein stad der desse kan få ”mulighet til skrivepraksis”. Mange av artiklane er utdrag eller samandrag av oppgåver. For dei som tek hovudfag, og dermed vert forventa å skriva artiklar, er det sikkert trygt å ha eit forum der terskelen for å få noko på prent er lågare enn i tunge fagpublikasjonar der du ikkje gamblar med prestisjen din. Men har Replikk interesse for andre som bryr seg om kva som vert tenkt på Høgda, eller er det berre ein peikepinne som kan fortelja kva komande akademikarar kjem til å vera opptekne av?
Det fyrste eg tenkte då eg heldt Replikk i neven, var at dei har lukkast sers godt med å gje bladet sitt ein akademisk profil. Både formatet og bladbunaden er nøktern og seriøs. Bidragsytarane kvir seg ikkje for å nytta vendingar som ”diskursive praksisar” og ”kulturens semiotiske mekanisme”. Dei tek hardt i, og legg ved lange litteraturlister – gjerne oppimot tjuge titlar for ein tekst som er fem-seks sider (dette minner forresten om den velkjende strategien med å leggja haugar med faglitteratur på talarstolen når ein skal halda eit føredrag). Signalet vert i alle høve tydeleg: ”Her skal me få utfalda all den akademiske kulturen me har lært på dei fem åra me har vore her.” Redaksjonen er lite synleg. Dei er mange, men mest alt som står på prent er skrive av andre. Det ser heller ikkje ut til at dei har gått hardt inn for å skapa ein raud tråd i nummera. Tema og fagtilknyting spenner breitt, sjølv om artiklar som har noko sams er sorterte saman under seksjonar som til dømes ”maskulinitet og feminitet”, ”politisk bevegelse” og ”myter og fortellinger”. Denne breidda gjer sjølvsagt at dei fleste vil finna eitkvart som er artig i kvart nummer, og at Replikk kan spegla litt av mangfaldet på UiB.
For kven?
Replikk er ikkje eit kompendium av oppgåver, det er eit tidsskrift. Eit tidsskift treng lesarar; redaksjon og skribentar må ha ein ide om målgruppa. Ein må sjølvsagt vita kva omgrepsnivå ein skal leggja seg på, og kva ein skal relatera det ein skriv til. Replikk har valt ein mellomting mellom det ålmenne og det strengt faglege. Dei har laga eit blad for fagleg interesserte studentar. Ein må ha vilje og interesse for å gå laus på ein del av artiklane: innfallsvinklane er strengt faglege, og framstillinga er ikkje nett popularisert. I nr. 7/98 skriv til dømes Geir Steinar Knudsvik om bestseljaren American Psycho. Han drøftar korleis forfattaren nyttar kroppen som metafor, provar det han vil seia med nøye utvalde utdrag og endar opp med å konkludera med mellom anna: ”Bevegelsen (mellom ein apollinsk og dionysisk identitet) manifesterer seg nettop i fremstillingen av kroppen. Nedfelt i denne fremstillingen finner vi både et formgivende og et formoppløsende, altomfavndende prinsipp”. Slike analyser er neppe serleg spanande for dei som las boka for å oppleva den same kjensla som dei får av naturprogram om bendelormar på TV.
Om me skal halda oss til nr. 7/98, er slett ikkje alle artiklane like svevande. Eit intervju med Benedict Anderson om nasjonar og nasjonalitet er roleg og sakleg. Men jamvel der vert det mykje name-dropping og lite konfrontasjon. Intervjuarane vil ikkje pressa Anderson, dei freistar ikkje setja han fast eller få han til å meina noko konkret politisk. Til dømes seier Anderson at EU kan bidra til ein ”fredeleg” form for nasjonalisme, utan at sjølvråderetten vert problematisert noko meir.
Jan Zahl har skrive ein morosam tekst om samfunnsvitarar som ikkje veit. Dei maktar ikkje seia noko om samfunnet anna enn det som er sjølvsagt, og gøymer seg attom statistikk og formlar for å vera vitskaplege. Men, i fylgje Zahl, so er desse ikkje vitskap. Denne fagkritiske replikken er godt skriven, men presenterer ingen løysingar, og kjem heller ikkje med konkrete skuldingar. Kvifor Replikk vel å prenta desse fire sidene, veit ikkje eg. Anten svarar vel nokon Zahl i neste nummer, eller so var det heile ein fagleg spøk eg ikkje tok. Zahl er statsvitar, og redaktør i Forskerforum.
Rosinen i dette nummeret var for meg ein omsett artikkel om ”storbylivet” av Iris Marion Young. Ho ser ”storbyen” som alternativ både til ”felleskapsidealet” og den ny-liberale individualismen: Samfunnet er for stort til at det kan fungera som ein landsby, difor må det organiserast slik at folk kan gruppera seg fritt – staten si oppgåve er å syta for at gruppene kan leva side om side. Eg tykte ho var for defensiv andsynes dei problema ein får når ein vil skapa eit samfunn av sers ulike individ, men eg likte at ho tok på seg oppgåva å seia noko om samfunnet. Ho presenterte noko å gripa fatt i og meina noko om. Men må det ein statsvitar eller sosiolog til for å ta opp ting som vedgår heile samfunnet?
Fagkritikken
I Bergen, og truleg ved dei hine universiteta, har fagkritikken avgrensa seg til å vera noko som stort sett skjer på ”fagkritisk dag”. Likevel tenkjer dei mange studentar at det er ”viktig”, noko ein bør gjera. På hovudfag kan henda mest av alt, sidan dette gjerne er siste gongen ein får høve til å vera student (etterpå må ein jo gjerne sjå seg om etter heiderleg arbeid). Dessutan har ein endeleg nådd eit høgt nok fagleg nivå at ein kjenner seg kompetent til å kritisera. Den vidgjetne fagkritikken var altso noko av det eg ynskte meg i Replikk.
Bladet har ikkje noko direkte uttalt føremål om å driva med dette. I nummeret som kom våren 1998 var likevel tre artiklar katalogiserte under dette temaet (under ”kanon”). Kva skreiv dei om? Det var utelukkande samfunnsvitarar som skreiv. Til overmål var det fagfolk innan kvantitativ forsking, og artiklane dreidde seg mykje om statistikk og modellering. Kan henda var det dette som leidde til Zahl sin polemikk mot statsvitarane?
Det eg saknar, er ein vilje hjå desse studentane til å gå meir i ”dialog” med samfunnet. Eg prøver ikkje å seia at dei lever innanfor eit lite, lukka rom i si eiga teoretiske verd. Artiklane hentar stoff utanfrå; frå Fellesaksjonen mot Gasskraftverka eller litteraturen. Men rolla til studentane som leiande, til å vilja forma samfunnet i sitt bilete, er fråverande. Det verkar nærliggjande å trekkja fram det Cathrine Holst (andsvarleg redaktør for nr. 7) skreiv i Mål og Makt 2/98, om studentane som er meir opptekne av det som er fagleg ”interessant” enn av rolla si som ”avantgarde”. I samtalen med Benedict Anderson stiller intervjuarane altso spursmål om EU og kva rolle den nasjonale identiteten har der. Men kvifor må han ikkje svara på spursmål om sjølvråderett og globalisering samstundes?
Vitringar
Sjølv om skribentane ikkje stiller seg svært kritiske til faga sine, har jo somme eitkvart spanande å fortelja. Morten Hammerborg skriv om syndikalismen, ei revolusjonær retning som døydde ut før siste verdskrigen. I utgangspunktet tykkjest dette meg å vera eit spanande tema, kan henda serleg med tanke på Noreg, der fagrørsla har vore so sterkt knytt til eit regjeringsparti. Likevel vert det heile ei forteljing kring tre syndikalistiske rørsler, med føremål å finna ut korleis syndikalistane stilte seg til parlamentarisk arbeid. Her fekk eg kjensla av at han stoggar før han kjem til det interessante. Kvifor ikkje drøfta kva lærdomar ein kan trekkja av dette?
Det same finn me i Målfrid Henriksbø si drøfting av den nasjonsbyggjande effekten til teatret i 5/98. Ho syner at både i Noreg og Irland har teatret vore stader der den nasjonale identiteten har vorte uttrykt i ”sårbare” periodar. I tilegg dreg ho inn Ivar Aasen i samanlikning med ”Celtic Revival” i Irland. Men når ho skal sjå på dei norske teatra, konsentrer ho seg om riksmålsbastionane Den Nationale Scene og Nationaltheatret. Ein skulle tru at dette, kan henda meir enn noko anna, skulle opna for å undersøkja om til dømes Det Norske Teatret hadde eit anna utgangspunkt og eit anna nasjonsbyggjande prosjekt enn desse. Her tykkjer eg igjen at ein har gripe fatt i ei problemstilling som ser interessant ut, men at ein liksom stoggar på halvvegen, før dei interessante spursmåla har vorte stilte.
Eit tidsskrift på 120 sider vil mest alltid ha eitkvart som kan interessera. Det kan ikkje vera kriteriet for om bladet er godt eller ikkje. Det vert òg meiningslaust å skulla gå inn å vurdera kvar artikkel etter kor god han er fagleg. Det eg saknar med bladet, er rett og slett eit føremål, ei meining. Det verkar vagt allereie frå starten av, i det dei formulerer føremålet om å ”gje høve til skrivetrening”. I mine augo er det ikkje difor ein lagar eit blad. Ein lagar eit blad fordi ein vil at folk skal lesa om eit eller anna, læra noko og verta forma. Ein kan anten skriva utetterretta, med det føremålet å formidla faget sitt og fortelja kva det tyder. Eller ein kan skriva innoverretta, fyrst og fremst for sine eigne. Då må føremålet vera å seia det som ikkje står i lærebøkene, det som ikkje vert prenta i fagpublikasjonane. Kva som er feil med faget, kva som ikkje vert sagt.
I 6/98 er det eit intervju om forskingsformidling. Spursmålet der er mykje korleis media stiller seg til forsking, om korleis forskarar kan seia noko spanande osb. Altso er ein innforstått med at ein har eitkvart å seia nokon, eitkvart som folk flest har interesse av å verta fortalde.
Eg venta på sett og vis at Replikk skulle vera noko meir enn desse rissa av oppgåvene. Det kan vera at eg har gått feil. Bladet tek opp mange artige emne, kunnskap er faktisk ganske gøy. Men Replikk er ikkje eit blad eg med handa på hjarta vil tilrå folk som er ålmennpolitisk interesserte, og som vil vita kva akademikarar meiner. Eg vil kan henda heller tilrå det til dei som allereie meistrar den akademiske sjargongen, som har evna til sjølv å trekkja konklusjonar vidare og projisera teoriane sine på samfunnet. Redaksjonen i Replikk har ikkje ambisjonar om å laga eit ålment blad, og det gjer det ikkje. Men eg vonar ikkje dette er alt som kjem ut av forskinga ved Universitetet i Bergen.