OK. Eg har vore blodfan av Carl Hamilton-serien til Jan Guillou i mange år, heilt sidan eg oppdaga han på starten av 1990-talet. Eg har lese dei fleste minst to gonger (bortsett frå bøkene mellom Vendetta og Hevet over enhver mistanke, som eg berre har lese ein gong). Dei to bøkene om Erik Ponti, Ewa Johnsén og Pierre Tanguy er heller ikkje verst. Men ærleg tala, “la grande finale”, som kom på norsk no i oktober (Men ikke hvis det gjelder din datter), er sikkeleg dårleg.
Og då meiner eg verkeleg dårleg, vurdert ut frå føresetnadene sine. Sjølv eg finn bokmeldingar i Dagbladet, Kulturspeilet og Haugesunds Avis som tydelegvis tykkjer det var ei bra bok.
Som sagt, eg likte Hamilton-bøkene, kanskje fordi eg kjende meg heime i dei. Ein ekte svensk maoist har lov til å slåst mot Sovjetunionen og Baader Meinhof, særleg når han samstundes stør Palestina og hatar Säpo. Og, ærleg tala, den siste boka i “Hamilton-suiten”, Hevet over enhver mistanke, er strålande: Tett, mangetråda og i beste Doktoren mister en pasient-stil.
Men, rett skal vera rett. Bøkene er utdaterte no. For dei som ikkje hugsar korleis verda såg ut før 1995 (eller interesserer seg for det), framstår sikkert verdsbiletet som bøkene presenterer som framand. Ideane bak kan kanskje best oppsummerast som “Kva om Sverige, eit lite, nøytralt land i Norden hadde hatt spesialsoldatar og brukt dei rundt om i verda? Kva om denne spesialsoldaten hadde eit slags venstreradikalt samvit?”
I eit Noreg som driv krig i Afghanistan og der media skriv beundrande om spesialsoldatane våre, ramlar ei slik problemstilling litt saman.
I Tyvenes marked og Den indre fiende tok Guillou opp att ideen med politisk krimlitteratur. Eg vil nesten gå så langt som å seia at desse bøkene er enno meir politisk poengterte enn Hamilton-bøkene, og trioen Ponti-Johnsén-Tanguy er for så vidt underhaldande. Dersom ein leiter, er det mange artige kultursosiologiske poeng òg.
Men ikke hvis det gjelder din datter fugar altså saman desse to seriane (som tidlegare er bundne saman av Pontis vinkjellar, av alle ting), og nøstar opp alle trådane.
Det var verkeleg ikkje naudsynt å gjera det på denne måten.
- I dei to førre bøkene om Ponti/Tanguy var mat- og vinscenene forteljarteknisk viktige. I denne er dei for det første skildra nærast på ein matlei måte, men likevel er det nesten det einaste hovudpersonane gjer på. Dei et og drikk heile tida, same om dei er triste eller glade. Før har det verka som om forfattaren har fått vatn i munnen av å fortelja kva som vert ete og drukke.
- Det er ingen intrige i boka. Hovudplottet, at Nathalie Tanguy vert kidnappa og seinare redda av pappa Pierre og dei gamle våpenbrørne hans frå Framandlegionen, står oppsummert på baksida av boka. Dei to hundre første sidene går ut på å seia opp Ponti som journalist og få Hamilton heim til Sverige. Dei to hundre neste handlar det om å få Nathalie attende frå terroristane, i ei ganske fargelaus forteljing som handlar om etterretning-planlegging-handling.
- Det er sikkert rett at saudiane er skrukar. Men det openbert frå fyrste sida, nærast. Det er rett og slett ingen overraskingar i boka, ingen feilspor, ingenting.
Utan noko av det som har gjort bøkene lesverdige før, skin det enno meir gjennom at Guillou ikkje meistrar å skildra kjensleliv og personleg dramatikk. Det er litt dumt, sidan det openbert var det han hadde tenkt å skriva ei bok om.
Oppsummering: Men ikke hvis det gjelder din datter er veldig dårleg.