Debatten rasar
Dagbladet held fram liksom-debatten om Groruddalen.. Det var snilt. Her prøver Aftenposten Aften å «ta debatten», og så gidd ingen vera med.
Sjølvsagt er det ein liksom-debatt. Den beste indikasjonen er nok at Libe Riber-Mohn seier ting som verkar humane og fornuftige. Det ville ho ikkje gjera om noko viktig stod på spel, fryktar eg. Den andre indikasjonen er Aftenposten «tek debatten» om lag kvar tredje månad (iallfall i juni 2010 og november 2010).
Den tredje indikasjonen er at det er vanskeleg å tenkja seg noka eigentleg løysing, iallfall om ein skal følgja dei linjene som vert trekte opp. Nesten all politisk regulering av bustadmarknaden er borte. Groruddalen er ferdigregulert, full av billige, sjølveigde (privateigde) blokkar. Kva slags løysing skal politikarane eigentleg lansera her?
Løysinga: Slutt å snakka om oss som bur her som eit problem.
Den verste dagen
Eg tykkjer 1. april er den veste dagen i året. Eg sit med aksla høgt heva, livredd for at nokon eg kjenner skal lura meg. Aprilspøk i nyhenda er hakket betre, men då eg såg innom nettavisene tykte eg det var mange saker som måtte vera aprilspøk, men som ville vore for ufine. Takka meg til dotter mi, som begreistra ropte «Ja! Prompepute!» då vi fortalte om aprilspøk.
Ei sak som eg ikkje greidde å verta klok på (trass openberre leietrådar som offisiell klage frå Island), er saka om at «Fairytale» skal vera identisk med ein gamal slått.
Bortsett frå at kvaliteten på opptaket er dårlegare enn eg hadde forventa frå 1936 (eg høyrer mykje på musikkinnspelingar frå 1930- og 40-åra, og lydkvaliteten overgår dette opptaket med god margin), verkar ikkje dette samanfallet alt for utruleg. Det er derimot eit fint høve til å reflektera over musikalske sitat, inspirasjon og plagiering.
Apropos: I går fekk Det nærmeste du kommer snurra på platespelaren, og vi snakka mykje om at dei har flytta tyngdepunktet i referansane sine nærare Joy Division og New Order, medan eg meinte å høyra Sisters of Mercy. Det siste krev nok litt godvilje.
Elles tykkjer eg det er litt pussig, men kanskje veldig ærleg, at dei tek bandbilete frå Møhlenpris og får det til å sjå ut som om det er frå England (eg greidde ikkje finna ut om BT ville meint at det var OK å bruka biletet her, så eg gjorde ikkje det). Så tenkte eg på at dei estetiserer drabantbyen (sjå Loddefjord-fotoa på MySpace) litt på same måten som Aftenposten-følgjetongen om Groruddalen.
Kom opp, kom opp frå den tronge dal
Aftenposten held fram kampanjen om kor fælt det er i Groruddalen. Abid Q. Raja ottest for terror, rett nok om 20-50 år. Eg vert fyrst og fremst matt av slike skrekkvisjonar. Dessutan er det mogleg å hevda, med minst like stor tyngd, at kulturelle minoritetar har ein tendens til å døy ut i eit slikt tidsperspektiv. Særleg i møte med eit storsamfunn som er så ekstremt assimilerande som det norske.
Men, rett skal vera rett. Eg har òg observert at vener og naboar (norsk-norske) flyttar bort frå drabantbyane når eldste ungen nærmar seg skulealder. Gjerne same drabantbyane som dei flytta til då eldste ungen vart fødd.
Kvifor gjer dei det? Eg trur det er ein god del andre forklaringar enn dei Aftenposten kastar fram:
1. Fleire av kjenningar som har budd i Oslo i 10-15 år, får lyst til å flytta «heim», og det går ei magisk grense når ungane skal byrja på skulen. Når eg tenkjer meg om, flytta mine foreldre òg «heim» då eg skulle byrja på skulen.
«Ja, du veit jo det, der er noko spesielt med der ein kjem frå», sa ein annan pappa i barnehagen til meg då samtalen på bussen heim kom inn på flytting. «Jaudå», svara eg, litt utan å meina det.
«Vi får sjå korleis det går, vi er enno mobile fram til eldstemann byrjar på skulen om eit år», sa ein kjenning då det vart stilt spørsmål om kor fornuftig det var å flytta frå Bøler til grisgrendte strok.
Med ungar på fanget får ein eit spark i baken (og eg lurer på om Dag og Tid treng ein ny aforismeforfattar) til å realisera draumen om å flytta heim, eller bu ein annan stad enn Oslo.
Eg påstår ikkje at denne draumen om fjord, fjell, natur og tunet heime er ein draum alle ber på, men oppsiktsvekkjande mange i omgangskrinsen min har lyst til at ungane sine skal veksa opp ein annan stad enn Oslo. Gjerne på Vestlandet, i Trøndelag eller Nord-Noreg.
Eg skulle likt å sjå eit migrasjonskart for familiar med ungar i alderen 3-7 år.
2. Dei som ikkje vil «heim», vil iallfall til eit hus dei kan gå rundt, eller i det minste til eit stort husvære. Vi vil ha stor stove, eige soverom til kvar av ungane og gjerne eit gjesterom og kontor òg. Og garasje. Mange tenkjer på alt under 100m² som «hybel».
Du får ikkje slikt i Oslo utan å leggja 3-4 millionar på bordet. Det finst husvære opp mot dette til ein rimeleg penge, men dei er gjerne i (ta-da) Groruddalen eller på Holmlia.
Dei som ikkje vil venta (anten på betre løn eller på gevinst i eigedomsmarknaden) på råd til å oppgradera i Oslo, eller er budde på å leva ekstremt asketisk, flyttar gjerne til Ski, Nittedal eller andre grender utanfor bygrensene. «Her kan vi få rekkjehus med hage!»
Altså:
Sjølv om vi trivst veldig godt i dalen, er det noko sant i at småbarnsfamiliar flyttar før ungane byrjar på skulen.
At innvandrarar buset seg i Groruddalen, er utruleg lett for meg å skjøna. Det er einaste staden i Oslo det er mogleg å kjøpa husvære med plass nok til ein familie utan å bu seg i hel dersom ein ikkje tener så veldig godt. Det var ein av grunnane til at vi busette oss der.
Min, dristrige, påstand er at løysinga ikkje er å byggja dyre husvære her som innvandrarar ikkje har råd til å kjøpa. Min påstand er at løysinga er å byggja billige, store husvære som gjer det meir attraktivt å verta buande enn å flytta for slike som oss. Om det er mogleg i den ekstremt liberale norske bustadmarknaden, er eg meir tvilande til.
The Valley of Fear & Terror
Patrick Åserud får mykje merksemd i avisa fordi han vil flytta frå Groruddalen. Eller, fordi og fordi. Det er vel fordi Aftenposten har bestemt seg for å køyra ein reportasjeserie om kor fælt det er i Groruddalen. Den interesserte lesaren oppdagar fort at Åserud har hevda liknande ting i eit års tid.
Eg tykkjer det er vanskeleg å vera like generell som Åserud. Problem med skular, barnehagar og nærmiljø er naturleg lokale. Alle som har reist gjennom Groruddalen (eller i det minste lese Groruddalen. En reiseskildring av Øyvind Holen) veit at området endrar karakter bokstaveleg tala frå T-banestopp til T-banestopp, ja, faktisk frå busstopp til busstopp. Risløkka er ikkje Ammerud.
OK. Personlege røynsler:
For drjuge tre år sidan flytta familien til Veitvet, Bjerke bydel. Lågaste m2-prisar innanfor T-banenettet. Godt og vel 2/3 av ungane i barnehagen har innvandrarforeldrar.
Eg skal ikkje avvisa dei opplevingane Åserud har. Eg tykkjer det er rart at han insisterer på å oppleva alle sosiale problem i ein innvandringsdiskurs, men eg er sjølvsagt open for at har negative opplevingar.
Sjølv har vi ikkje dei opplevingane. I barnehagen verkar ungane vera gode vener, og våre barn får iallfall ei språkstimulering som openbert kjem derifrå (altså, reinaste Oslo-bokmål). Alle jentene på avdelinga kom då vi arrangerte barnebursdag. Ungane leiker saman på leikeplassen og i akebakken, relativt uavhengig av kvar foreldra kjem frå. «Alle» var på skuleplassen 17. mai. Det er ikkje måte på kor mange fleirkultur-festivalar det er heile tida.
Altså: Kan Aftenposten vera greie å ikkje ta med nabolaget mitt i denne dystopi-lyrikken sin?
Meir Facebook
Her eit ein annan innfallsvinkel til Facebook-problemet: På Facebook kan vi opptre med dei beste og mest glamorøse sidene våre.
- Når man på den måten opptrer med en utvalgt positiv og filtrert del av sitt liv, og får bekreftelse og hyggelige tilbakemeldinger fra Facebook-vennene på dette, er økt selvfølelse og selvtilllit gjerne et resultat, tror [Berit Skog].
Problemet er at alle på Facebook gjer dette, som den førre Facebook-artikkelen på forsking.no la vekt på. Eg trur ikkje Facebook er noko nytt her, det er heller ein katalysator1 som forsterkar den sosiale prosessen der alle skal framstå best mogleg. Problemet med Facebook, jamført eldre generasjonar nettsamfunn (td. forum og blogosfæren) er at det er ein tettare kopling mellom fysiske personar og nettrepresentasjonar.
Det tryggaste er sikkert å unngå sosial kontakt.
1. Eg les A Thousand Years of Nonlinear History no, og det er mogleg at framstillinga til Manuel De Landa kjem til å påverka korleis eg nyttar omgrep som «nytt», «katalysator» og «prosess». Tida er mogen for litt frisk retro-postmodernisme.
Ebøker
Cory Doctorow, The Guardian: Ebooks: durability is a feature, not a bug.
Eit viktig poeng i det han skriv er at når trykte media har feil (td. at dei ikkje tolar uendeleg mange utlån før dei må kasserast), så bør ikkje eboka simulera desse feila.
Eg trur det er eit poeng (særleg den norske) bokbransjen treng å få høyra, òg, og eg trur poenget kan utvidast. På meg verkar det som om bokbransjen tykkjer det er heilt naturleg at heile den verna forretningsmodellen skal følgja med over til ebøkene.
Kan og må
Den nye språkrådsdirektøren (Arnfinn Muruvik Vonen) har uttala noko slikt som «norsk når du kan, engelsk når du må». Eg har ikkje funne kvar han eigentleg sa det, men Aftenposten tykkjer iallfall det var veldig godt sagt.
Eg, derimot, i det sure hjørna, er litt skeptisk. Ikkje noko gale med utsegna, i og for seg. Ho skildrar på mange måtar korleis det er å vera norskspråkleg. Vi (og eg reknar med at det er oss Vonen snakkar til) nyttar norsk når vi kan, men vi greier ofte å bruka engelsk når vi må. Altså, sett inn i samanhengen seier Vonen «bruk engelsk når du må». Det gjer vi, då.
Problemet er kva «må» tyder. Det er klart at det ikkje handlar om engelsk som ein slags naudrett («det stod om livet, så eg måtte nytta engelsk»), det er heller slik at grensa for «må» er så utruleg personleg, alt etter kor viktig spørsmålet om norsk kjenst for kvar einskild av oss.
Må ein skriva masteroppgåva si på engelsk? Sjølvsagt ikkje. Når tusenvis (vill gissing) likevel gjer det, er det kanskje (vill gissing) for å koma i tettare kontakt med eit internasjonalt fagmiljø. Eller for å læra seg å skriva på engelsk (kva veit vel eg). Så «må» ein, likevel, då.
Må ein snakka engelsk med danskar? Nei, sjølvsagt ikkje. Dersom vi tek oss litt tid, går det stort sett heilt greitt å snakka «nordisk» med einannan. Men det tek ekstra tid, og kommunikasjonen vert litt meir omstendeleg. Men kanskje vi «må» likevel, då, for at det ikkje skal verta så vanskeleg, og for at språket ikkje skal få så mykje merksemd.
Blogga på engelsk? Ja, det «må» du dersom du retta deg mot ei internasjonal lesargruppe.
Utfordringa er ikkje dei openberre tilfella der engelsk og norsk er veletablert som bruksspråk. Utfordringa ligg fyrst og fremst på alle dei bruksområda der engelsk er sosialt mogleg. Der ein «kan» bruka norsk, men der det kanskje er vanskeleg (sosialt eller praktisk) eller kjenst (juhu) unaturleg. Når er desse vanskane store nok til at ein «må»? Kor mange lesarar, kor mykje status og kor effektiv kommunikasjon kan vi mista før vi «må over på engelsk».
Å samanlikna dette med stoda for nynorsk, overlet eg som ei oppgåve til den interesserte lesaren.
Når eg har fått ut gruffet, så vert det utruleg spanande å sjå kva Muruvik Vonen finn på som språkrådsdirektør, og eg gler meg til å sjå korleis ein lingvist kjem til å møta dei utfordringane vi, og Språkrådet, står andsynes.
9. klasse omatt
Eg har slutta å bruka Facebook. Eg har ikkje sletta kontoen min, men det er ein månad sidan eg sist var innom, og eg har kome eit stykke på veg med å sletta all den gamle informasjonen som ligg der. Eg får ikkje e-postvarslingar frå Facebook lenger.
Kort sagt, skal du ha kontakt med meg på nettet, bruk e-post. Den les eg. Det står det på profilen min på Facebook, òg.
Den viktigaste grunnen til at eg har slutta å bruka Facebook, er sjølvsagt IKT-politisk. Men det er òg ein annan, ikkje teknisk-juridisk grunn: Eg er ikkje sikker på om eg liker det sosiale rommet Facebook konstruerer. Eg har vondt for å setja ord på det. Heldigvis er det no forskingsresultat som peikar på at Facebook gjer at vi kjenner oss som taparar.
Den naturlege forlenginga av dette, er sjølvsagt at sosial omgang får oss til å kjenna oss som taparar. Den forlenginga let eg liggja.
Siste året har to bloggarar og net.personlegdomar eg les med stor glede, Eirik Newth og Cory Doctorow sletta kontiane sine. Det er sjølvsagt til inspirasjon, men eg trur så pass godt om meg sjølv at det ikkje var den utløysande faktoren.
Exchange og det som verre er
Peter M. Hansteen, velkjent Unix- og e-postguru, skriv om alt det uhyggelege ved Microsoft Exchange. Veldig lesarvenleg.
Historiske analogiar og DAB
På NRK Beta (2011-02-09) skriv Øyvind Vasaasen, styreleiar i Digitalradio Norge AS, ein tekst der han prøvande samanliknar innføringa av FM-radio med innføringa av DAB. Det er viktig å hugsa på at historisk analogi fyrst og fremst
er eit forteljarteknisk og strukturerande grep.
Det Vasaasen gjer, er å rekna opp visse punkt i soga til FM-radio som samsvarar med stoda for DAB-radio i dag:
- fleire tilgjengelege kanalar
- betre lydkvalitet
- marknaden ønskjer ikkje standarden
Til sist utvidar han analogien med å spekulera på om (dersom eg les han rett) dersom innføringa av FM-radio hadde vorte skunda på slik regjeringa no vil gjera med DAB-innføringa, hadde det fått store politiske konsekvensar for norsk etterkrigssoge.
Kanskje det. What-if-historie er eit anna forteljarteknisk grep, og langt meir omstridd enn analogien.
Likevel er det lite truleg at DAB kjem til å få slike konsekvensar i Noreg. Eg har store vanskar med å sjå at radio har same demokratiserande potensiale i Noreg i dag som det hadde på 70- og 80-talet. Eg er óg usikker på kor viktig det er med fleire kanalar på radionettet i dag. Overgangen frå ein kanal til fleire var eit stort omskifte, likeeins overgangen frå ein formidlar til fleire.
Overgangen frå mange kanalar til enno fleire — og spesialiserte — kanalar er sjølvsagt praktisk (eg elskar NRK Klassisk). Diverre overser Vasaasen at nærast uendeleg mange kanalar let seg formidla over internett, og at folk faktisk ønskjer seg ein godt utbygd Internet-infrastruktur (både i bakken og i lufta), og dei kjøper mengder av mottakarapperat.
FM-sendingane, derimot, var, og er, fornuftige fordi FM er ein, etter måten, enkel teknologi.


