Når sant skal seiast
Når sant skal seiast: Eg er utruleg samd i det Aslak Sira Myhre seier om moderne norsk langrenn.
I motsetnad til han er eg ikkje pasjonert tilhengjar av skisport. Det er slik naturleg at kritikken min ikkje er like råkande. Det er hovudgrunnen til at eg ikkje har framført han.
Vondt
No er det, som kjent, andre enn meg i hushaldet som er sertifisert transportør. Sidan ein del av det jamlege vedlikehaldsarbeidet likevel fell på meg, og eg har ei særleg interesse for halvgamle ting, gjer det litt vondt å gå forbi dette kvar morgon:
Solidaritet
Sidan eg som vanleg plar uttrykkja meg ganske skråsikkert om ting eg berre har litt peiling på, har eg fått nokre spørsmål om kva som kjem til å skje i Egypt no. Det veit eg sjølvsagt ikkje, men det er sjølvsagt hyggeleg å registrera at det knapt finst ei einaste røyst i Noreg som meiner regimet til Mubarak har noko føre seg (Israel, derimot …).
I Minerva har Celine Schiøtt skrive ein fin tekst Sjølv tvikar eg med å kalla det som skjer i Egypt no for ein revolusjon. Det kan vera at det er for mykje marxistisk ballast som sit att hjå meg. Poenget hennar er likevel bra, uansett terminologi.
Frykten for at islamistene skal «kuppe» denne revolusjonen bør ikke hindre oss fra å støtte et folk i opprør mot en brutal undertrykker.
Men ei sak: Opprøret er ekstremt godt dekt i nettmedia (både konvensjonelle og sosiale), trass i at Mubarak prøvde å trekkja ut kontakten til Internet. Det er ikkje sikkert at det er grunn til å kalla det eit Twitter- eller Facebook-opprør. Mesteparten av tvitringa eg ser, er vidareformidling av ting nyhendejournalistane får ut.
Eg har likevel kjensla av at det ikkje er meiningslaust med all denne skvaldringa, sjølv om det er egyptarane på Midan Tahrir som skapar endring nett no. Det «#Egypt» på Twitter gjer, er det same som solidaritetsrørsler har gjort dei siste førti-femti åra: Informerer om kva som skjer, skapar opinion og svekkjer internasjonal støtte til Mubarak-regimet. Meir spontant og kaotisk enn før i tida, men kva er ikkje det?
Kva er det som skjer
Eg er mildt sagt forfjamsa over at egyptarane ser ut til å demonstrera med ei slik tyngd som dei gjer no.
Det vert skrive veldig mykje om det som skjer i Kairo, både på dei store internasjonale nyhendesidene og av VG Nett, som er på plass i Kairo (twitter-oppdateringar frå Lars Akerhaug på norsk og engelsk).
Altså, både CNN, BBC og VG (sic!) er vel verd å lesa for å følgja med på det som skjer no.
Bak jarnteppet
Så vert det moms på ting vi handlar elektronisk (Pressemelding og forklaring frå Finansdept).
Det er ikkje heilt openbert at dette er «pottit-Noreg», det slår meg at når vi ein gong har mva, er det ikkje urimeleg at regjeringa vil tetta eit slikt smutthol.
Eg får likevel (diverre) kjensla av å nett flytta bak jarnteppet eller noko. Takk vere mva-fritak under 200 kr og mva-fritak på fysiske bøker, kjem det truleg til å vera billigare å handla musikk, film, dataspel og bøker fysisk frå utlandet enn å handla dei elektronisk. Det er det jo i dag òg, men det kjenst ikkje heilt rett at det skal vera slik. Miljøvern og framtida og sånn, tenkjer eg.
Dessutan lurer eg litt på korleis «innførsel» er definert. Når eg (til dømes) kjøper tilgang til Chicago Manual of Style på nettet, har eg innført noko då?
Til sist lurer eg på kva som skjer med dei elektroniske nettbutikkane som er så små at dei ikkje heilt bryr seg med å innordna seg det norske avgiftssystemet. Som Chicago Manual of Style. Kjem dei til å stengja ute kundar frå Noreg?
Nei, eg har ikkje lyst til å klaga over handelshinder og importavgifter. Eg har ikkje det. Eg prøver veldig hardt å ikkje gjera det.
Men eg trur det hadde vore heldig, på kort sikt, om det framleis var gunstig å kjøpa ebøker frå Amazon.
Update: Eg ser at Trine Skei Grande i Venstre lurer på mykja av det same som meg, og Øyvind Solstad lurer på mange ting (veit ikkje kor mykje eg kjøper miljøargumentet, men lell).
Update: Det er fleire “bloggarar” som skriv om dette. Eirik Newth, til dømes. Han har skrive veldig mykje om ebøker, og det er absolutt verd å lesa det han skriv. Kanskje særleg fordi han er prøver å koma med praktiske løysingar som kan få i gang den norske ebokhandelen.
Dessutan, Olav Torvund, som tek føre seg den noko overflatiske argumentasjonen frå Finansdepartementet om kor lett og greitt dette kjem til å verta. Han konkluderer
Jeg er ikke i stand til å se hvordan man skal klare å håndheve systemet overfor leverandører utenfor EU. Man får inntrykk av at det er basert på frivillighet. De store leverandørene vil vel registrere seg, med mindre de ser at det gir dem dårligere konkurransevilkår enn de som ikke registrerer seg og betaler moms. Men kjøper man et program fra et lite selskap — kanskje et enmannsselskap — i f.eks. USA, så vil neppe de forstå problemstillingen om moms-registrering i Norge.
Her er eg
No er det snart eit år sidan eg posta noko på denne bloggen sist. Til alt hell skreiv eg ikkje noko om at eg hadde tenkt å leggja ned heile butikken; det har eg gjort før utan at det vart noko med det. Eg vil vel ikkje vera som Kjell Bækkelund, heller. Men kvifor ikkje.
Denne bloggen har ikkje noko tema. Kanskje det er difor eg skriv så lite på han. Det er ikkje ein politisk blogg, der eg kler av makta. Til trass for at eg sikkert har like skarpe analysar av samtida som kven som helst, kjenner eg eit ubehag ved å skulle leggja dei ut her og marknadsføra dei. Eg har eit utal interesser, men eg får eit ubehag av å skriva om dei òg. Då eg byrja å blogga, tenkte eg at bloggen skulle få eit tema etter kvart. Det gjorde han aldri. Eg har berre lagt ut eitt og anna, og tenkt etterpå at «å, her har Tarjei synt seg som heilt irrelevant».
Er ikkje bloggformatet noko for meg? Eg veit ikkje. Eg vågar påstanden om at eg har skrive på digitale medium lenger enn dei aller fleste eg kjenner. Kring 1990 brukte eg uhyre mykje tid på BBS-ar, som var det næraste ein kom «webforum» den gongen. Om lag i 1994 fekk eg tilgang til Internet (kan det ha vore i 1993, det var iallfall nesten med ein gong EUnet vart etablert), og dimed USENET. Folk eg har diskutert med online, har vore verkelege personar for meg. Den gongen ein berre var nerd om ein hadde det slik.
Dei ti siste åra trur eg at eg har flytta meg meir i retning av å vera ein lesar enn ein skrivar. Eg les sjølvsagt bloggar og forum. Eg har konto på både Facebook, Underskog, Twitter, identi.ca og kva det måtte vera, men eg brukar det mindre enn veldig mange andre eg kjenner.
Det er rart. Kan det hanga saman at eg verkeleg ikkje tykkjer at eg er han som skal gå på talarstolen på møte og opphalda dei andre med mine innlegg? Eg trur mange vil påstå at eg verkeleg er ein betrevitar og synsar privat, på to- og fåmannshand, når vi ser på fjernsyn eller les avisa. Kvifor ikkje på nettet?
Har eg vorte privatperson? Har eg isolert meg til familien og nokre få, nære vener, utan ønskje om å seia noko til mange og fleire?
Kanskje det har litt med sosial form å gjera. Eg taklar det sosiale spelet på nettet dårleg, eg er dårleg på meina og skriva noko på sparket. Eg er for dårleg til å visa til kva andre har sagt på kryss og tvers, og dimed generera pingbacks og trackbacks og sosiale pengar. Eg er for dårleg til å marknadsføra meg sjølv. Hadde eg vore god til å marknadsføra meg sjølv, hadde denne bloggen hatt eit tema.
Eg får det ofte betre til på forum. Av ein eller annan grunn heng eg ein del rundt på Hifi-sentralen. Ikkje fordi eg er så veldig oppteken av hifi, men fordi det er masse folk der som vil diskutera musikk og det som fell dei inn (populært kalla off-topic). Likevel, webforum er lukka, upraktisk og ikkje minst utdatert teknologi. Veldig populære, trur eg, men mest som sine eigne rom på internet. Meir som å diskutera lesarbrevspalta i Klassekampen enn som å skriva i henne.
Intellektuelt sett liker eg bloggen som form. Eg liker tanken på å skriva om det som fell meg inn, anten det er kuriøse interesser eller viktige spørsmål. Det er berre det at det er så vanskeleg å skriva.
Kva er solidaritet
Det aldri kvilande anti-imperialistiske tidsskriftet Frontlinjer publiserer eit slags samandrag av houvdoppgåva mi som eg skriv for to år sidan.
Vurderinga
Eg har lenge heva meg på den høge hesten min og tenkt at eg ikkje skulle byrja med twitter. Så slo det meg at dei fleste vitsane mine trass alt ikkje treng meir enn 140 teikn.
Så eg er på gli, altså. Eg vurderer ny teknologi.
Bruksretta forsking
Sjølv om eg ikkje, på nokon måte, deler synspunkta til dei som står bak bloggen «israelwhat.com», skal eg vedgå at vart litt sjarmert av at dei ikkje berre siterer meg, men òg har omsett meg til engelsk.
(Eg trur dei greidde å leita fram dei minst juicy avsnitta i heile oppgåva mi, forresten).



