Strøtankar: Tarjei Vågstøl

Archive for the ‘nettet’ tag

Kvifor Facebook

without comments

Eg er enno ganske fersk på Google Analytics, men eg tykkjer statistikken gjev eit ganske godt bilete på kva som genererer trafikk til Kringkastingsringen.

Med andre ord, sjølv om eg ikkje liker Facebook, ser eg at det er veldig dumt å ikkje bruka det til å profilera Kringkastingsringen. På hi sida ser eg at Twitter er i siget.

Written by tarjei

mai 13th, 2011 at 1:59 p.m.

Posted in Teknologi

Tagged with , ,

Framtida for nynorsk på nettet

without comments

Fyrste debatten sundagen på Dei nynorske mediedagane var ikkje nett veldig godt besøkt, men tok til gjengjeld opp eit interessant spørsmål: Kan dei store, riksdekkjande avisene kanskje prøva å ha litt nynorsk i nettavisene sine?

Svaret var om lag: Nei, ikkje i det redaksjonelle innhaldet. Men nettavisene (VG og Dagbladet) satsar på brukargenerert innhald, må vita, og om nokre år er nok berre 25 % av nettstadene deira redaksjonelle. Ikkje veldig oppmuntrande for nynorsken, men svaret vart gjeve så tydeleg at eg trur at det var eit oppriktig uttrykk for strategien til nett-tabloidane. Eg trur det er ein feil strategi, iallfall på lang sikt. Read the rest of this entry »

Written by tarjei

oktober 16th, 2008 at 3:17 a.m.

Posted in Målsak,Teknologi

Tagged with , , ,