Archive for the ‘s/mime’ tag
Kryptoprogranda
Martin Bekkelund har, som den fine fyren han sikkert er, skrive ein informativ propaganda-artikkel om kvifor og korleis ein skal bruka PGP. Det same prøvde eg i november 2005, berre at eg landa på å tilrå S/MIME. Eit glimrande tiltak!
I kommentarfeltet fortel Daniel at iOS5 faktisk stør S/MIME. Nyttig info, som løfta respekten min for Apple litt.
Etter å ha registert tilbakemeldingane eg fekk på artikkelen eg skreiv i 2005, lurte eg på om det fantst emne som var mindre interessante for folk flest (eg pusha artikkelen på alle eg kjende som eg visste ville vera i stand til å byrja med S/MIME). Det er, med andre ord, nesten sosialt umogleg å få folk til å utføra dei enkle prosedyrane som skal til for å senda kryptert og signert e-post. Eg gav etter kvart opp, men eg gler meg over at ikkje alle gjer det.

