Ti gradar og regn
Eg er
stipendiat
ved Historisk institutt
på Høgskulen i Volda.
- Før dette: lærar med djup og brei bakgrunn innan historie og
samfunnsfag. Dessutan: matematikk og informatikk.
- Eg bruker mykje tid med familien min: kone, katt og tre
ungar. Dette får meg til å framstå som ganske keisam, men eg
har eit rikt og spanande liv.
- Eg liker duolingo,
men kan framleis ikkje polsk og
tsjekkisk. Esperanto går noko betre.
Eg skriv nokre bokomtalar på goodreads,
men registrerer ikkje alt eg les. Eg vurderer å slutta
å bruka tenesta. Forbrukarboikott av Amazon er truleg
strengt naudsynt.