Gamle, kvite essayistiske menn

På ungdomsskulen oppdaga eg at det frie essayet er dronnninga blant sjangrar. I norskboka stod det at det var ei slags reise, men eg skjøna at det var ein belærande argumentasjon frå eit uangripeleg punkt. «For vanskeleg for dykk,» sa norsklæraren. Frå den augneblinken var alle stilane mine essay. Dårlege essay – eg må gje norsklæraren min rett i det. Den avgjerande faktoren for kvaliteten på eit essay, er nemleg om det er skrive av ein gamal (eller betre, død) kvit mann. Dei, og berre dei, har ein etos som let dei kasta fram moralske implikasjonar og/eller underbyggja ein påstand med vage referansar til klassisk gresk filosofi og retorikk.

Eg har bestemt meg for å samla på (laga ei liste over) norske essayistar som kvalifiserer.

Litt om essayet og essayisten

Den observante lesaren vil sjå at det er ein fordel, men ikkje eit krav, å skriva riksmål. Det er heller ikkje noko krav om ein spesifikk metafysikk, men det bør vera ein, til dømes kristen, antroposofisk, austleg eller djupøkologisk. Kombinasjonar av desse fungerer, særleg med ein dose kulturpessimisme. Rein ideologi, som til dømes uttalt økonomisk liberalisme eller marxisme, bør ein helst halda litt unna.

Eit vellukka essay kan gjerne ha scener frå levd liv. Naturopplevingar og tradisjonelt mannleg kroppsarbeid er gode motiv. Likevel er det døden for essayet om det tydeleg tek eit konkret standpunkt i ein pågåande politisk debatt som kan påverka det levde livet. Dersom du vil ytra deg om tariffoppgjeret, reguleringsplanar eller konkrete, utanrikspolitiske saker, får du gjera det i lokalavisa. Eller på Facebook, der kan essayisten seia ting som «nå gjelder det å føre krig» (i debatten om korleis europeiske land bør/burde stilla seg til det russiske overfallet på Ukraina).

Essay står på trykk i kulturaviser og litteraturtidsskrift, men dei vert samla i essaysamlingar. Slike skil seg frå «debattbøker» ved at dei ikkje skal oppmoda til samfunnsdebatt: dei står heller over og kastar lys på debatten. Det vert sjeldan debattar av essay.

Nett slik det er viktig å unngå politikk, er det også viktig å unngå fag. Det er lite som er så drepande keisamt som referansar til aktuell faglitteratur eller nye forskingsresultat. Dessutan er såkalla akdemiske miljø maniske når det gjeld å utfordra perspektiv og funn: eit godt essay skal stå seg.

Alt fagstoff er likevel ikkje tabu. Det er lov, ja, kanskje til og med lurt, å visa til innsikter frå filosofi, litteraturvitskap, teologi, (rein) matematikk og (teoretisk) fysikk. Her er hovudregelen at du bør generalisera innsikta så langt du kan, på frihand. Enkel øving for lesaren: ta utgangspunkt i den gödelske Unvollständigkeitssatz eller det heisenbergske Unschärfeprinzip. Her har du fått litt starthjelp, sidan eg gav deg dei originale, tyske nemningane (dei norske og engelske er litt for godt kjende), og ikkje minst den tyske måten å visa til opphavspersonen (vanleg, men litt arkaisk på riksmål, og eg ser ikkje kvifor det ikkje skulle fungera på nynorsk òg). Dette er alltid ei naudløysing.

Eit siste poeng: Essayisten arbeider åleine. Du kan ikkje skriva essay som gruppearbeid (det gjorde ikkje fascinasjonen då eg var fjorten mindre, kan du seia). Han er likevel avhengig av ei yrkesgruppe: portrettfotografen. Du vert aldri ein gamal, kvit essayistisk mann om du ikkje har eit bra foto. Det må vera i svart-kvitt, med høg kontrast slik at rukker og porar kjem tydeleg fram. Viktigast, likevel, er augo. Dei må syna at du, med eit liv av røynsle og verdssmerte på nakken, skriv det du skriv fordi det er alvorleg og naudsynt.

Lista

Merk: Denne er under arbeid. Det vert fødd gamle, kvite menn kvar veke.