Språk, generelt

Som sagt, eg liker "språk generelt".

Eg har aldri, men unnatak av litt arabisk, studert språk. Faktisk har eg ganske dårlege føresetnader: eg er ikkje så flink til å snakka med folk utan å seia så mykje, og har ganske dårleg uttale. Det heng kanskje saman med at eg ikkje er så flink til å syngja, men den skavanken er ikkje til hinder for å forstå, og setja pris på, musikk. Problemet med etablert didaktikk for språklæring er at det føreset at du lærer deg grei uttale ganske kjapt, og at det å snakka med folk er beste måten å læra meir på. Det er sikkert sant, men iallfall eg må læra ting i ei anna rekkjefølgje.

Ein må jo ikkje kunne så mange språk, heller. For dei aller fleste føremål fungerer det i praksis fint med morsmålet og engelsk.

Dei siste åra har eg iallfall funne ut at det fungerer ganske godt å læra seg ein god del grunnleggjande om ulike språk på Duolingo.

No for tida bruker eg det til å gjera øvingar i fransk, polsk og japansk.

Fransk fordi det er så mykje på fransk eg skulle ha lese, og fordi det var ei openberring å læra så mykje at eg forstod at Ragnar Hovland si omsetjing av Historia om Babar, som eg alltid har trudd var genial, eigentleg er temmeleg rett fram.

Polsk, fordi Stanisław Lem, Penderecki, Szymanowski, Tokarczuk, Wajda og dei polske logikarane. Og fordi det er så herleg komplekst.

Japansk, fordi det er fascinerande annleis. Og Haruki Murikami.

Og esperanto, sjølvsagt, av prinsipp.