The Day of the Jackal (SkyShowtime, 2024)

Som nemnt i meldinga av Finchers The Killer: Leigemordarfilmar er ein solid undersjanger av underhaldningsthrilleren, og Sjakalen (The Day of the Jackal, Frederick Forsyth, 1971, filmatisert av Fred Zinnemann, 1973) er den mest ikoniske. Eg omtalar desse som «originalen».

Forsøket på ein remake i 1997 med Bruce Willis i hovudrolla, bør du gå stilt forbi. Det er dårleg og uinteressant. Serien er mykje betre. Did they «get away with it»?

Anatomien i ein serie

Vi kan sjå The Day of the Jackal som ei løysing på eit problem som ser om lag slik ut: Romanen, og etter-boka filmatiseringa, er femti år gamal, og sett for seksti år sidan. Forteljinga har definert ein sjanger, og sjangeren er smal og snart ihelbrukt. Samtidig er romanen og filmen full av kanoniske visuelle element og plott-element. Korleis overføra dette til ein TV-serie, når ein no har rettane?

Ein del av meg skulle ønskt meg eit rikt og presist kostymedrama som visuelt gjenskapte Europa 1963, slik filmatiseringa av Le Carrés Tinker Tailor Soldier Spy (Tomas Alfredson, 2011) gjenskapte Storbritannia på 1970-talet. Berre det å etablera tilstrekkjeleg kontekst for å forklara kvifor OAS ønskte å drepa de Gaulle, ville teke minst ein episode. Ein slik serie har vi ikkje fått.

I staden er det ein serie som på eit abstrakt nivå følgjer handlinga i boka, lagt til eit Europa «om lag no». For oss som kan førelegget nesten utanat, er det mogleg å sjå at plott-element «mappar» dit, utan at desse nødvendigvis kjem i akkurat den rekkjefølgja dei gjer i boka. I staden for å vera etternamnet på oppdragsgjevaren, er «Rodin» no kodenamnet på målet, til dømes.

Dessutan er det tilført fleire impulsar. Estetisk er det blanda inn ein klype James Bond frå 1960-talet og ein dæsj moderne spionthriller. Bakomhistoria har koplingar til Nord-Irland, Afghanistan, big tech/finance og høgrepopulisme i Europa. Både Claude Lebel (gjendikta som MI6-agent Bianca Pullman) og Sjakalen har fått familiar, som på ulikt vis misliker at ektefellene arbeider 24/7 med hemmelege, livsfarlege ting.

Funkar det? Tja, greitt nok. Den overordna historia, eit attentat mot ei erstatning for Charles de Gaulle, engasjerer meg ikkje like mykje som i originalen. Heller ikkje i jakta på Sjakalen står like mykje på spel: Eg får ikkje kjensla av at lagnaden til Frankrike (og Europa) står og fell på om ein får avverga attentatet.

Serien er full av visuelle referansar som skal fortelja oss at vi ser ein «re-imagination». Den føretrekte bilen er framleis ein Alfa Romeo Spider; det beige antrekket frå 1973 med raud halsklut er med; Eddie Redmayne har mange av dei same trekka som Edward Fox og scena med prøveskytinga av attentatvåpnet er kopiert i detalj. Serien ser veldig bra ut, og skodespelarane gjer ein god jobb (også Lashana Lynch, meiner eg).

Det er også meir blod, vald og drap. Mykje meir. Der den orginale Sjakalen drep tre gonger for å koma i posisjon til å gjennomføra planen og det er tilstrekkeleg for å slå fast at han er iskald og omsynslaus. Det er ikkje måte på kor mange som døyr i serien.

Anatomien av ein «re-imagination»

Det som manglar er vanskeleg å oppdage, spesielt sidan serien tilfører så mykje nytt samanlikna med originalen, men det manglar meir enn berre 1960-talskoloritten.

I romanen (kap. 2) føreles Sjakalen for leiinga i OAS om korleis ein profesjonell drapsmann vil gripa fatt på oppgåva å drepa Charles de Gaulle:

So his chances of success on schedule are surer than anyone else, but he will not even enter into operation until he has devised a plan that will enable him not only to complete the mission, but to escape unharmed.

I filmatiseringa er dette litt nedkorta: «The point is getting away with it.» Heile originalen kviler på dette kundemøtet på Pension Kleist i Wien, der Sjakalen pedagogisk forklarer kvifor ein profesjonell leigemordar er både betre enn å løysa problemet sjølv, og betre enn ein innleigd «trigger-finger». Filmscena ligg som eit YouTube-klypp.

Originalen skapte den profesjonelle leigemordaren som litterær figur, og svært mykje plass går med til å forklara korleis han går fram. Korleis han fabrikerer dekk-identitetar (metoden for å skaffa seg pass for ein død person fungerte heilt på ekte), korleis han skaffar våpen og korleis han reiser i Europa. Sidan vi no allereie kjenner dette yrket, bruker ikkje serien tid på det.

Klienten må ikkje overtalast til å betala ein astronomisk sum for å løysa problemet sitt «profesjonelt». Han veit kva ein skikkeleg leigemordar er, og tek rett og slett kontakt via eit superhemmeleg forum på det mørke nettet og legg pengane på bordet. Litt forhandling er det, men samanlikna med originalen framstår det mest som pruting.

Vi som ser, veit kva verktøy Sjakalen treng, så det er nok å visa oss at han har hemmelege rom med med pengar, pass, kostyme og våpen. Slett ikkje ulikt «The Killer», forresten. Faktisk bruker serien berre det innleiande oppdraget, som grovt sett ikkje har noko med hovudforteljinga å gjera, til å fortelja oss kor presis og metodisk Sjakalen er.

Dette er kanskje det kritiske punktet, det som gjer at eg har problem med å sjå på dette som ein «re-imagination»: Spenninga i originalen er ikkje berre kappløpet mellom Lebel og Sjakalen, det er også den gradvise avdekkinga av kva ein leigemordar er, og korleis ein slik ville gått fram.

Eit sidespor: I kriminalromanen Nattmennesket skapte André Bjerke ein slags ny type etterforskar, «den psykoanalytiske detektiven» Kai Bugge. Problemet er at mykje av den litterære verdien i denne boka ligg i å avdekkja nett kva denne er. Det er kanskje difor dei to andre bøkene der han dukkar opp, eigentleg er ein slags polemikkar mot Kai Bugge. Den tradisjonelle forklaringa er at Bjerke vart meir opptekne av spøkelse og mista trua på psykoanalysen, og det kan nok vera sant, men samtidig er vanskeleg å sjå korleis fleire bøker i tråd med Nattmennesket kunne verta noko anna enn samlebandsproduksjon.

Vidare langs same sidespor finn vi Coq Rouge, den første boka Jan Guillou skreiv om Carl Hamilton. Også der er det ein intrige som må løysast, men like mykje er spørsmålet i boka (og for den del, serien): «Dersom Sverige hadde hatt etterretningsagentar av James Bond-typen, korleis kunne dette vore løyst i praksis».

Tilbake på sporet: MI-6, Bianca Pullman og Lashana Lynch

I originalen slår Sjakalen fast at den franske sikkerheitstenesta er den beste i verda. Når dei får nyss i at det er eit nytt attentat mot de Gaulle på gang, hentar dei inn Claude Lebel, den beste etterforskaren dei har.

Lebel har alle dygdene ein god etterforskar har, og framstår på sett og vis som motsetnaden til de Gaulle. Han er mild, metodisk, ekstremt grundig og heilt uhindra av sosiale konvensjonar. Slik speglar han Sjakalen, og det gjer jakta spanande.

Ingen stader vert denne grundigheita like godt illustrert som når Lebel forklarar korleis han fann lekkasjen i regjeringa som hjelpte Sjakalen å sleppa unna (kap. 19):

Oh, there is one thing,' the Minister called after Lebel, 'how did you know to tap the telephone line of Colonel Saint-Clair's private flat?' Lebel turned in the doorway and shrugged. 'I didn't,' he said, 'so last night I tapped all your telephones. Good day, gentlemen.'

(sjå klyppet her)

I serien har MI-6 og Bianca Pullman overteke rolla til Lebel. For så vidt er det ei ekstrapolering av den rolla britiske tenester og Superintendant Thomas har i originalen, der dei motvillig set eit stort apparat i verk for å finna Sjakalen, i fall han skulle visa seg å vera ein engelskmann.

Men der stoggar likskapen. Lebel har full støtte frå høgste, franske, hald, og så og seia alle maktmiddel til rådvelde. Pullman gjev meir inntrykk av å køyra saka ut frå eiga interesse, og vert motarbeidd ved kvart steg. Det er for så vidt lite som hindrar henne i å driva bevæpna arbeid rundt om i Europa, men det er med halvhjarta velsigning frå sjefen. Ho er fokusert, men handlar etter magekjensla og insisteringa på at ho har eit spor. Ho er, som så mange etterretningsagentar i fiksjonen, også ein samansett figur som driv med alt frå analyse, kjeldehandtering og skarpe operasjonar – ikkje ein enkel, men flink type som Lebel.

Pullman og Sjakalen er spegla rundt ein annan akse: konflikten mellom arbeid og familie, og meir avansert, for Pullman skiljet mellom ekte kjensler (for familien) og påtekne (når ho manipulerer kjelder). Dette er ikkje eit dårleg tema. Alle småbarnsforeldre kjenner seg nok att, og kan letta pusta ut over at dei ikkje er hemmelege agentar eller leigemordarar, for kor vanskeleg hadde det ikkje då vore å gå på foreldremøte. Samtidig er denne konflikten tema i meir enn halvparten av spaningsseriar eg har sett.

I motsetnad til Internet, liker eg slik Lashana Lynch framstiller Bianca Pullman. Ho har mykje av det same, milde vesenet til Lebel, bortsett frå at ho er gjort litt frekk og konfronterande til tider. Dette er eit manusproblem. Men den dramatiske konflikten mellom Sjakalen og Lebel, nærast som eit sjakkparti, er i praksis nedtona i serien.

Konsekvensane

Oppsummert: I originalen vert vi fortalt, i detalj, korleis Sjakalen fer åt for å koma i posisjon til å utføra oppsiktsvekkjande snikmord og sleppa unna i etterkant. Mot seg har han ein metodisk etterforskar bevæpna med alle dei byråkratiske og merkantile ressursane til den franske og den britiske staten.

I den nye ligg vekta på å visa korleis livet til ein slik profesjonell drapsmann artar seg, og mot seg har han ein dedikert etterforskar med begrensa ressursar. Den institusjonelle hjelpa hennar handlar stort sett om å flytta henne til ulike stader i Europa, gje lausrivne hint som flyttar historia litt framover. Dessutan: Ein gong sporar dei ein telefon, ein annan gong finn dei ei addresse ut frå ganske begrensa informasjon.

Det gjer at Sjakalen slepp unna med å vera temmeleg uvøren med både DNA og elektroniske spor. Jau då, han startar datamaskinene frå ein minnepinne med eit sikkert operativsystem (sannsynlegvis Tails eller liknande) når han skal inn på leigemordar-forumet, og han sprengjer saker og ting for å fjerna spor etter seg.

Likevel reiser han rundt i Europa med ein mobiltelefon der han jamleg har kommunikasjon med både kone og oppdragsgjevarar. Ein Lebel «re-imagined» i vår tid kunne kanskje brukt den ekstra-ordinære situasjonen til å henta ut mobildata frå alle operatørar i Europa, og sannsynlegvis funne at det var ganske få IMEI-nummer som matcha rørslene til Sjakalen i detalj. Sjølv teikneseriefiguren «The Killer» er betre på slikt.

Anatomien i eit alternativ

Då Tomas Alfredson skulle filmatisera Tinker, Tailor ..., hadde han eit liknande problem: Romanen (og heile Karla-trilogien til John le Carré) er ein britisk nasjonalskatt. Det same er BBC-serien (saman med den over Smiley's People, og saknet av ei filmatisering av The Honourable Schoolboy).

Alfredson flytta ikkje handlinga fram i tid, og fann ikkje på noko nytt. Han laga ein film som var meir konsis, tregare og enno tristare enn BBC-serien. Eit meisterverk.

Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg ein serieversjon av Sjakalen, laga på same lest. Kanskje ikkje over 10 episodar, men iallfall over fire. Utan å tilføra nye element. Denne kunne også, kanskje, vore lagt til vår tid.

Nuts and bolts

For den klokkeinteresserte (kven er ikkje det), er det Omega som står for dette. «Beautiful,» som Vesper Lynd ville sagt. I eit intervju med GQ gjev produksjonen dette ei slags «in-universe» forklaring:

“Although he’s a contemporary assassin, Eddie and I were keen to express the analogue nature of the Jackal’s methods and preparation,” says the show’s costume designer Natalie Humphries on how the team settled on what watches would appear on-screen. “A precision timepiece was essential.”

… men vi skjønar sjølvsagt at det er produktplassering, Bond-referanse og fan-service. Alle liker å sjå dyre, fine klokker.

Lydsporet i serien er flott: