The Killer (David Fincher 2023, Netflix)

Eg hadde skyhøge forventningar til denne, ut frå tema og regissør, men utan å kjenna førelegget, den franske teikneserien (BD, «bande dessinée») Le Tueur. Eg vart sånn passe fornøgd, så det må seiast å vera ein høg måloppnåing.

Plottet er eitt av dei eldste i (dreie)boka. Ein leigemordar (ev. spion eller vanleg kriminell) kjem på kant med oppdragsgjevarane, og brått vert jegaren den jakta, og han jaktar tilbake. Så alt kokar ned til gjennomføringa. Eller «execution is everything», som er undertittel for filmen.

Før eg går i gang, må eg nemna at regissør David Fincher, og manusforfattar Andrew Walker, spelar med ei hand på ryggen her. Ikkje berre er premisset nedlessa med tropar og obligatoriske element, The Killer er ei flimatisering av ein teikneserie, som igjen legg føringar på plott og karakterar. Å ikkje ta omsyn til det, er som å klaga på at orkane er lite truverdige karakterar i Peter Jacksons Lord of the Rings (2001-03), eller at det er litt latterleg at Bruce Wayne kler seg ut som ei flaggermus.

Det er heller ikkje ei tilfeldig filmatisering. Det er eit prosjekt Fincher har pusla med sidan 2007. Han har til og med laga ei teikneserie saman med forfattaren, Matz (The Black Dahlia, 2012). Når det er sagt, har eg ikkje lese den franske serien, så eg såg filmen meir som eit frittståande verk.

Leigemordaren

Leigemordaren er ein av dei sterkaste typane i moderne underhaldingsflim. Utan kjennskap til tunge kriminelle miljø, vil eg også tippa det hovudsakleg er ein fiktiv karakter. Det skjer definitivt «bestilte drap» i den verkelege verda. Ekte døme frå media er gjengkrigen i Sverige sumaren 2023, då kriminelle bandar betalte barn med handvåpen for å drepa antekne rivalar. Andre døme er korleis tryggingstenester likviderer politiske fiendar (som Mossad-drapet på Lillehamar i 1973). Men leigemordaren på film er annleis.

Den vanlege framstillinga er ein frittståande konsulent som tek oppdrag heilt utan personleg interesse, berre for reine (skitne?) pengar. Han er godt utrusta, og ekspert på jobben sin, som går ut på å skaffa etterretning om offeret, og så drepa. Ferdig. Så vert han usynleg att. Den mest kjende litterære framstillinga er kanskje den namnlause Sjakalen, frå romanen til Forsyth og filmen The Day of the Jackal (Zinneman, 1973). Mange dreg også fram Le Samouraï (Melville, 1973).

Det er ikkje så rart, trur eg, at vi let oss fascinera av denne karakteren. Han framstår som noko anna enn betalte bølla, torpedoen eller livvakta. Valden leigemordaren utfører er definitiv og kontant, gjerne ei kule frå eit skarpskyttargevær på lang avstand, men ikkje personleg. Han sel ikkje den valdelege relasjonen for å trua til lydigheit eller vinning. Han sel sjølve drapet, elimineringa. Denne annleisheita vert understreka av leigemordaren gjerne er både danna og utdanna, velkledd og med sans for det gode livet (fine vinar, dyre klokker og raske sportsbilar). Leigemordaren er ingen skræmande figur, kanskje bortsett frå høg panne, iskalde blå-grå augo (som det vert sagt om Sjakalen: «cold grey eyes») og eit hardt uttrykk i andletet, litt slik SS-offiserar vert framstilte i filmar lagde til andre verdskrigen.

Leigemordaren er, om vi skal dra det litt langt, den slemme fetteren til gentlemanstjuven; på kant med lova, men utan å vera det vi tenkjer på som typisk kriminell. Bortsett frå at det å drepa eit menneske for pengar framstår som kriminell vondskap for dei aller fleste av oss. Men han skil seg frå seriemordaren, der vi kjenner avsky når filmen tvingar oss til å følgja handlinga frå hans synsstad. Vi heiar lett på leigemordaren.

Men, som The Killer seier i filmen: Du må ikkje verta sett, eller lagt merke til. Ein gentleman, slik Edward Fox spelar i Sjakalen, ville verta sett, hugsa og lagt merke til.

Den grå mannen

Kjernen i hovudpersonen The Killer er at han er usynleg ved å ikkje stikka seg ut. Dette er det som visstnok er kjent som ‘the gray man’-strategien: Den grå mannen.

Alt ved The Killer er dølt. Der Sjakalen kler seg i dressar frå Savile Row og køyrer ein spenstig 1961 Alfa Romeo Guilia, kler The Killer seg som ein litt keisam pappa på ferie: hawaiiskjorter, treningstøy, beige chinos og billige, komfortable sko. Han køyrer ikkje ein raud Ferrari eller gul, vintage Porsche, men ein sølvgrå, japansk leigebil og eller kvit varebil frå Avis. Inga statusklokke, men eit Fitbit-armband. Han har smarttelefon(ar), men dei er forbruksvare. Han brukar dei til å snakka i, før han knusar dei i rasande tempo. Musikk (berre The Smiths) høyrer han på ein gamal iPod. Signaturvåpenet er ein Glock, den minst oppsiktsvekkjande pistolen du kan tenkja deg (meir om stilen her).

Eit artig poeng (ikkje mitt), som eg ikkje heilt greier å plassera, er at tysk turist-stilen eigentleg verkar temmeleg påfallande i eit vinterkaldt Paris. Ja, kanskje folk vil unngå han, men er det noko folk vil hugsa, så er det turisten som openbert har bomma med seks månader på ferien. Sjå meldinga i Escapist Magazine (link nedst).

Ikkje nyt The Killer «fine dining», heller: Han et frå McDonalds, og drikk vatn frå ein metallkopp, før han desinfiserer alle stader han kan ha lagt frå seg DNA.

Det indre speglar det ytre. Fyrste halvtimen av filmen har forteljarstemme, der han får tida til å gå ved å leggja ut om filosofi og verdsåskoding. Det høyrest ut som ei billig sjølvhjelpsbok for å rettferdiggjera sin eigen mangel på etikk, og med observasjonar på, ja, teikneserienivå. Mannen er ingen filosofisk drapsmann, eller ein soldat-poet. Som han sjølv seier; «I don’t give a fuck».

Michael Fassbender er ein av dei kulaste skodespelarane eg veit om, og nesten heilt perfekt i hovudrolla. Innvendinga mi er at han kanskje er i kjekkaste laget. Fincher (og manusforfattar Walker) har sneia innom den grå mannen før, med Kevin Spaceys karakter i Se7en (Fincher, 1995), og Spacey sjølv var også grå i The Usual Suspects (Singer, 1995). Kunne vi gått 28 år tilbake i tid, hadde Spacey vore heilt perfekt i rolla som The Killer.

Likevel tykkjer eg at filmen iallfall prøver. Som sagt er dei fleste leigemordarar på film tvers gjennom elegante, og dersom jobben krev at dei må forkle seg, gjer dei det med like stort truverde som ein lausbart. Som TV Tropes gjer eit poeng av:

When [the nondescript] does appear in a visual medium, the nondescriptness will often be an Informed Ability for just that reason.

Denne filmen prøver, i det minste, å fortelja at hovudpersonen faktisk er temmeleg grå (eller, beige). Han greier også, med eitt viktig unnatak, å ikkje «give a fuck».

Gjennomføringa

Eg har sans for moderne manus som kuttar den overdrivne innleiande karakterteikninga som TV-seriar gjer betre, og let karakterane vera meir abstrakte og avteikna seg gjennom handlinga, heller enn å vera ei føresetnad for henne. Det beste eg kjem på her frå dei siste åra er The Card Counter (Schrader, 2021), men Heat (Mann, 1995) og ein del av filmane til David Mamet er også bra. Litt pussig, forresten, kor mange glimrande filmar som kom ut i 1995.

Eit obligatorisk element i ein slik film er også prosedyrane. Det understrekar det metodiske og planlagte i leigemordarkarakteren, men det er også ein sentral del av plottet. Det er ikkje så interessant å sjå om kula treffer offeret eller ikkje, det interessante er kva leigemordaren gjer for å koma dit. I tillegg til det reint narrative - dette er planen, korleis vert han gjennomført? Den sjangeren som vert kalla «heist-movies», td. The Italian Job eller Ocean's-filmane, tek dette heilt ut, men også i leigemordarfilmane er det eit sentralt element. Her vert det vist, men ikkje tematisert særleg: The Killer har alt han treng, botnlause ressursar og ei endelaus rekkje dekkidentitetar. Han veit korleis alt verkar, og har openbert ein plan, sjølv om planen slår feil tre, kanskje fleire, gonger.

Slutten av filmen kjenst diverre som eit kollaps i forteljinga, og vi får i liten grad det (amerikanske) avgjerande slaget, korkje det ytre eller det indre. Det vert, om eg skal våga ein liten spoiler, inga eigentleg forløysing. Eit «pfft». Det er mogleg å hevda at alt er logisk konsistent, og heng saman med karakteren The Killer, men den intuitive opplevinga er litt eit spørsmål om kvifor vi såg denne filmen i det heile. Fincher sjølv om slutten, og to tolkingar.


For ei litt anna lesing, sjå
https://www.escapistmagazine.com/the-killer-is-2023s-funniest-movie/

Som alltid, sjekk ut TV Tropes.