Den fargen alt har når skyene heng nokre hundre meter oppe på himmelen. Kjensla av å ha ein stor tanke om korleis alt heng saman som går i oppløysing berre du kjem borti.
No maps for these territories.
Eg er stipendiat ved Historisk institutt på Høgskulen i Volda. Før dette: lærar. Dessutan har eg fire ungar og ein katt.
Eg les gjerne essay av gamle (eller døde) kvite menn. Eg saknar den offentlege debatten frå 1990-talet.
Eg er påfallande interessert i mange ting. Særleg litt påfallande ting. Eg mista entusiasmen for Goodreads då dei vart overtekne av Amazon, men prøver likevel å skriva meldingar av bøker eg les og filmar eg ser. Dei siste åra har eg byrja å spela rollespel att.
Om desse sidene
Denne samlinga med nettsider er skriven for hand i HTML, utan «content management system». Eg har brukt CSS varsamt, og enn så lenge klart meg utan JavaScript.
Kommunikasjonsteknologi
Eg har sletta kontoane mine på Twitter/X og Instagram. Eg er framleis tilgjengleg på Facebook: enn så lenge er det for mykje menneskeleg organisering som går føre seg der. Sidan Edward Snowden avslørste PRISM-overvåkinga i 2013, har eg hatt eit mål om å koma meg unna «big tech». Det har unekteleg gått sakte.
Eg har ein konto på Bluesky, men bruker ikkje plattforma anna enn sporadisk.
Vil du kontakta meg, er e-post, Signal eller SMS gode alternativ. Her har også kontoar på andre tenester